Det latinske alfabetet var alfabetet brukt tli å skrive latin.
Variantar av dette alfabetet er i dag brukt for nesten alle språka i landa som vart kristna frå den vestre delen av det delte Romarriket. Det latinske alfabetet er dermed det mest utbreidde skriftsystemet i verda. Det blir brukt i Vest-Europa og dei fleste tidlegare koloniane til desse landa. Alfabetet har få teikn, men ved å kombinera desse med kvarandre og fleire aksentteikn kan dei stå for fleire lydar i ulike språk. Det latinske alfabetet er òg utgangspunktet for det fonetiske alfabetet.
Det opphavlege latinske alfabetet var bygd på det greske alfabetet, og besto av desse 23 bokstavane:
Dei opphavlege 23 bokstavane utgjer i lag med dei tre bokstavane J, U, W det latinske grunnalfabetet, som t.d. er representert i ASCII.
Dei fleste språka som bruker det latinske alfabetet har lagt til diakritiske teikn eller tilleggsbokstavar.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det latinske alfabetet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.