Wiki Nynorsk 2022: Spesial:Siste endringar
NNVietnameseEnglish
Egyptisk hieroglyf
wj
Fønikisk
qof
Gresk
qoppa
Etruskisk QRomersk Q
V24
PhoenicianQ-01.pngGreekQ-01.pngEtruscanQ-01.svgQ

Q er den 17. bokstaven i det latinske alfabetet.

Soge

Q stammar frå den greske bokstaven qoppa (Ϙ, ϙ), som er avleidd frå fønikisk qof. Tidleg i gresk antikk brukte ein tidvis bokstaven som k-lyd framfor o og u. Han blei ikkje brukt som bokstav i klassisk gresk. Etruskarane og seinare romarane kalla bokstaven qu og brukte han først framfor o og u, der han kunne uttrykka k- eller g-lyd. Sidan blei han berre brukt framfor u.

 
Stor og liten q i grotesk form (venstre) og med serif.

Moderne bruk

I dei fleste moderne europeiske språk blir q nesten berre brukt framfor u, og uttrykker konsonantgruppa /kw/. På dei nordiske språka blei q brukt saman med u eller v fram til første halvdelen av 1800-talet. Stavingsreformer erstatta han med k, og q er i dag nesten ikkje brukt i nordisk, bortsett frå i særnamn.

Q kan visa til

  • Q-verdien til ein resonans
  • Q, i fysikken vanleg symbol for elektrisk lading, for varmeenergi og for frigjort kinetisk energi i ein kjernereaksjon. Energien, Q-verdien, er positiv når energi som har vore bunden i atomkjernane som reagerer, går over til varme.
  • Q er i matematikk mengda av alle rasjonale tal.
  • ein rollefigur i bøkene og filmane om James Bond
  • det britiske musikkmagasinet Q
  • q er symbol for den britiske masseininga quintal.
  • fleire forkortingar av latinske ord og namn, til dømes Quintus, quaestor, quartus.
Alfabetet
ABCDE
FGHIJ
KLMNO
PQRST
UVWXY
ZÆØÅ

Kjelder