Istanbul

Istanbul (İstanbul) er den største byen i Tyrkia, med kring 13 millionar innbyggjarar og er det økonomiske, kulturelle og historiske hjartet i landet.

Byen er det nest største storbyområdet i Europa og av dei største byane i verda. Byen dekkjer eit stort område på 5 343 km², som samsvarar med provinsen Istanbul, som byen er setet for. Byen ligg på begge sider av Bosporos, eit av dei travlaste sunda i verda, nordvest i Tyrkia, mellom Marmarahavet og Svartehavet, og er slik ein interkontinental by. Handelssenteret og det historiske senteret i byen ligg i Europa, medan ein tredjedel av innbyggjarane bur på den asiatiske sida.

Istanbul
by
Istanbul
Galata (framgrunnen) og Sarayburnu (bakgrunnen) heilt aust på eine halvøya i Istanbul. Prinseøyane ligg i horisonten til venstre.
Land Istanbul Tyrkia
Region Marmararegionen
Provins Istanbul
Koordinatar 41°00′19″N 28°58′38″E / 41.00528°N 28.97722°E / 41.00528; 28.97722
Areal 5 343 km²
Folketal 13 483 052
Folketettleik 2 523 / km²
Grunnlagd  
 -  - Byzantium ca. 660 fvt.
 -  - Konstantinopel 330 evt.
 -  - Istanbul 1930 (offisielt)
Borgarmeister Ekrem İmamoğlu
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 34000 til 34850
Retningsnummer (+90) 212 (europeisk side)
(+90) 216 (asiatisk side)

Istanbul
41°00′36″N 28°57′37″E / 41.01°N 28.960277777778°E / 41.01; 28.960277777778
Istanbul
Istanbul
Wiki Commons: Istanbul
Nettstad: Offisiell nettstad
Istanbul
Satellittfoto av Istanbul

Byen vart grunnlagd på neset Sarayburnu kring 660 fvt. som Byzantium, og byen som no er kjend som Istanbul utvikla seg til å verte ein av dei viktigaste gjennom historia. I nesten 1500 år etter at han vart grunnlagd på ny som Konstantinopel i 330 evt, har han vore hovudstad for fire imperium - Romarriket (330–395), Austromarriket (395–1204 og 1261–1453), Det latinske riket (1204–1261), og Det osmanske riket (1453–1922). Byen var medverkande til at kristendomen steig fram under romar- og austromartida, før osmanane erobra byen i 1453 og omgjorde han til ein islamsk skanse og setet for det siste kalifatet. Sjølv om Republikken Tyrkia la hovudstaden sin til Ankara er den tidlegare sentrale rolla til Istanbul framleis godt synleg gjennom byen med palass og store moskear langs åsane.

Den strategiske plasseringa til Istanbul langs den historiske Silkevegen, med jernbanenettverk til Europa og Midtausten, og den einaste sjøvegen mellom Svartehavet og Middelhavet, har medverka til at det utvikla seg ein mangfaldig folkesetnad i byen. Innbyggjartalet i byen har tidobla seg sidan 1950-åra etter at innflyttarar frå heile Anatolia har samla seg i i og kring byen.

Sju millionar utanlandske turistar vitja Istanbul i 2010, som vart kåra til europeisk kulturhovudstad det året. Dette gjorde byen til det tiande mest populære turistmålet i verda. Det største turistmålet i byen er framleis det historiske sentrumet, som delvis ligg på verdsarvlista til UNESCO, men ein finn kultur- og underhaldningssenter ander stader i byen som den naturlege hamna, Det gylne hornet, i bydelen Beyoğlu. Han vert rekna som ein global by, og fleire tyrkiske føretak har hovudkvartera sine her og står for meir enn ein fjerdedel av bruttonasjonalproduktet i landet. Istanbul håpar å utnytte denne revitaliseringa og snøgge utvidinga han har opplevd og har levert søknad som vertskapsby for sommar-OL 2020.

I dag bur det flest muslimar her, men byen er òg sete for Den ortodokse kyrkja i Konstantinopel.

Namn

Namnet «Istanbul» kjem frå gresk «εις την Πόλιν» eller «στην Πόλη» [(i)stimboli(n)], som tyder 'til/i byen'.

Av vikingane vart byen kalla Miklagard.

Skildring av byen

I dag er Istanbul ein særs stor by med ein samanhengande folkesetnad som strekkjer seg i eit 10–20 km breitt og 60–70 km langt belte langs nordkysten av Marmarahavet, med omtrent same utbreiing på kvar side av Bosporos. Busetnaden strekkjer seg òg nordover på båe sidene av Bosporos nesten til Svartehavet.

Det sentrale og historiske Istanbul omfattar Stambul mellom Marmarahavet og Det gylne horn (kommunen Fatih) og Galata og Pera (Beyoğlu) på nordsida av Det gylne horn. Til det historiske Istanbul kan ein òg rekne med byane Üsküdar og Kadıköy på den asiatiske sida.

Istanbul 
Hagia Sofia

Folkesetnad

I 2010 hadde Stor-Istanbul 13,3 millionar innbyggjarar, 65% bur i på den europeiske sida og 35% på den asiatiske. Det kjem heile tida innflyttarar frå andre delar av landet til Istanbul. Veksten er på over 3% kvart år, og han er over landssnittet.

I motsetnad til dei fleste byane i Vest-Europa er den minst velståande delen av folket busett i dei sentrale bydelane, medan folk i dei moderne forstadene etter måten er frå betre stilte sosiale grupper. Det finst likevel mange forstader der folk har låg snittsinntekt, som Gaziosmanpaşa, Esenler, Güngören, Ümraniye og Beykoz.

Kultur

I dag har Istanbul eit pulserande liv, og her møtest aust og vest. Eit kjent kulturminne er Hagia Sofia, som no er eit museum, men som før har vore kyrkje og moské. Frå den bysantiske tida finst mange andre kyrkjer som er godt haldne ved like. Ein stor del av utviklinga av bysantinsk arkitektur og bysantinsk kunst har gått føre seg her. Dei fleste har vore eller er moskear. Byen har òg mange kjende moskear som er bygde etter erobringa åt tyrkarane. Mest kjend er Den blå moské (Sultanahmet Camii), som er dekt innvendig med tyrkiske fliser i fine mønster og som har seks minaretar.

Byen har vore sete for både keisarar og sultanar. Under arkeologiske utgravingar på 1930-talet oppdaga ein det som må ha vore keisarpalasset eller Det Store Palasset. Her er det eit unikt profant mosaikkgolv med pastorale scener og dyrescener. Golvet har vore vanskeleg å tidfeste, men ein reknar med at det er laga ein eller annan gong på 600-talet.

Topkapıpalasset der sultanen budde og hadde haremet sitt er betre kjent.

Byen er òg kjend for den store basaren der ein kan kjøpe teppe, gull og det ein elles ynskjer seg.

Istanbul i litteraturen

Mange kjende personar har budd delar av sitt liv i Istanbul, m.a. Agatha Christie. Delar av filmen Mordet på orientekspressen vart filma på togstasjonen der.

Den mest kjende nolevande forfattaren i Tyrkia, Nobelprisvinnaren Orhan Pamuk, fødd i 1952, har skildra heimbyen sin Istanbul i fleire bøker. Gjennombrotsromanen Lys og mørke frå 1979 er forteljinga om tre generasjonar i ein rik familie som budde i det stroket i byen der Pamuk sjølv voks opp. Romanen kom i ny utgåve i 1982 under tittelen Cerdet Bey og hans sønner. Mitt navn er Karmosin frå 2000, på norsk i 2003, gjorde han for alvor kjend for eit internasjonalt publikum. Handlinga er lagt til Istanbul vinteren 1591, i Sultan Murat III si regjeringstid. I 2006 kom den eigne, delvis sjølvbiografiske, forteljinga hans om byen, Istanbul: byen og minnene.

Transport

Konstantinopel fekk tidleg eit godt utbygd nett med trikkeliner. Utover på 1900-talet vart nok trikken oversett, og kollektivtransporten gjekk meir og meir over på buss. Frå 1990-talet har aukande problem med trafikkavviklinga tvinga fram ei satsing på skjenegåande kollektivtransport, og Istanbul er i dag i ferd med å byggje opp eit moderne nett av metro-, light rail- og trikkeliner.

Båt har til alle tider vore eit viktig transportmiddel mellom dei ymse bydelane og mellom Istanbul og grannebyane. To vegbruer over Bosporos har redusert båttrafikkmengda, og han er venta å gå ytterlegare ned når den nye togtunnelen under Bosporos, Marmaray, opnar 18. juni 2015. I 2011 vart det vedteke å byggje ei tredje bru som vil vere ein del av ein 414 km ny motorveg som skal gå frå Tekirdağ i vest til Adapazarı i aust. Brua skal òg få jarnbaneskjener. Det skal òg bli bygd ei bru aust for byen der İznik-bukta er på det smalaste. Ho vil bli den nest lengste hengebrua i verda med eit hovudspenn 1700 meter. Totallengda vil verte 3000 meter og brua skal stå ferdig i 2017.

Administrasjon

Administrasjonen er bygd på to nivå. Det øvste nivået er ein storbykommune - Istanbul Büyükşehir Belediyesi (IBB) - som dekkjer eit område på 1830 km² mellom Marmarahavet og Svartehavet i ei breidd på ca. 30 km på kvar side av Bosporos. Under storbykommunen er det 27 distriktskommunar. Det er direkte val til kommunestyra kvart femte år. 1/5 av representantane i distriktskommunestyra tek sete i rådet i storbykommunen, som er det høgaste organet i denne storkommunen. Ein eksekutivkomité tek hand om den daglege styringa av storkommunen.

Borgarmeistaren i storkommunen har etter 2004 vore Kadir Topbaş frå partiet AKP.

Distriktskommunar

Europeisk del

  • Avcılar
  • Küçükçekmece
  • Bakırköy
  • Bahçelievler
  • Bağcılar
  • Güngören
  • Esenler
  • Bayrampaşa
  • Zeytinburnu
  • Fatih
  • Beyoğlu
  • Beşiktaş
  • Şişli
  • Kağıthane
  • Sarıyer
  • Gaziosmanpaşa
  • Eyüp

Asiatisk del

  • Üsküdar
  • Beykoz
  • Kadıköy
  • Kartal
  • Pendik
  • Tuzla
  • Ümraniye
  • Adalar
  • Maltepe

Klima

Istanbul 
Morgontåke i forretningsstrøket Levent.

Istanbul har ei blanding mellom fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfa) og middelhavsklima (Köppen si klimaklassifisering: Csa) Men sidan byen dekkjer eit så stort område med varierande topografi, har byen fleire mikroklima. Nord i Istanbul har maritimt klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfb) på grunn av råmen frå Svartehavet og etter måten mykje vegetasjon. Klimaet i dei meir folkerike områda lenger sør er varmare og mindre fuktig.

Sumrane i Istanbul er varme med høgast temperatur i juli og august, i snitt 28 °C. Ekstrem varme er derimot sjeldan, og temperaturen stig berre over 32 °C i snitt fem gonger per år. Regnfall er heller uvanleg om sumaren, berre fire til fem regndagar per månad. Vintrane er kalde, våte og ofte med snø, og temperaturen i januar og februar er normalt kring 4 °C. Snøen fell ofte tungt når han kjem, men snødekket og temperaturar under null varer sjeldan meir enn få dagar. Våren og hausten er mild, men ofte våt med ustabilt vêr. Kjølige vindar frå nordvest og varme vindar frå sør, stundom i løpet av same dag, skapar temperatursvingingar.

Istanbul har alltid høg fukt og kan gjere sumarvarmen verre. Fukta når generelt 80 % om morgonen og skodde er vanleg, sjølv om ho som regel løyser seg opp i løpet av føremiddagen. Byen har tåke i snitt 228 dagar i året, og konsentrasjonen er høgast om vinteren. Torevêr er uvanleg, og skjer berre i snitt 23 dagar kvart år, oftast om sumaren og tidleg på hausten. Istanbul har i snitt 124 nedbørdagar og i snitt fell det 855 mm nedbør i året. Varmerekorden i byen er 40,5 °C og kulderekorden er -16,1 °C. Den største nedbørsmengda som er målt på ein dag er 227 mm, medan det største snøfallet er 80 cm.

Vêrdata for Istanbul
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 8,7 9,1 11,2 16,5 21,4 26 28,4 28,5 25 20,1 15,3 11,1 18,8
Døgnmiddeltemperatur °C 5,8 6 7,6 12,1 16,7 21 23,5 23,6 20,3 16,1 11,9 8,2 14,4
Gjennomsnittleg min °C 2,9 2,8 3,9 7,7 12 16 18,5 18,7 15,5 12 8,5 5,3 10,5
Gjennomsnittleg nedbør mm 100,9 80,9 69,6 45,4 35,5 37,5 39 46,3 62,9 100,7 108,6 124,7 852
Gns. dagar med regn 17,7 15,3 13,6 10,3 7,8 5,3 3,6 4 6,1 10,3 12,9 16,9 123,8
Kjelde: World Meteorological Organization, Den tyrkiske statlege meteorologitenesta (berre nedbørmengder, data frå 1970–2010)


Kjelder

Bakgrunnsstoff

Istanbul  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Istanbul
Istanbul  Reiseguide for Istanbul frå Wikivoyage

Tags:

Istanbul NamnIstanbul Skildring av byenIstanbul FolkesetnadIstanbul KulturIstanbul i litteraturenIstanbul TransportIstanbul AdministrasjonIstanbul DistriktskommunarIstanbul KlimaIstanbul KjelderIstanbul BakgrunnsstoffIstanbulBosporosByKvadratkilometerMarmarahavetProvinsen IstanbulSvartehavetTyrkia

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SjøløverAbugidaVesle GaldhøpiggenVaktelVladimir PutinBlåbærDet amerikanske flaggetPolarlysGeostasjonær baneEikefjord23. aprilBergenArabiskMetéoraBerlinblokadenMaiken Caspersen FallaKallífonoAndSoltidIvar AasenJesusRundeDen norske språkstridenAmalie SkramSigmund FreudKathakaliOzzy OsbourneWattensDet britiske riksvåpenetJa, vi elsker dette landetJean-François MilletKyprosWiki CommonsKenth EldebrinkOrMahatma GandhiKommunevåpen i NoregEDas KapitalAfrikaSymbol i hinduismenKoparIsHaikuEkstaseVrangianáDigitalAlf-Inge HålandSymbolVossamålSpesifikk varmekapasitetInflasjonJemenJon FosseNaturProduksjonVoss heradRekonvalesensHundTrekanthandelBjørnøyaLagerthaParisJan MayenCarl XVI Gustaf av SverigePave Johannes Paul INyttårVegard UlvangNo-dramaGrønlandMAdministrativ inndeling i HellasHellerman RocksDet norske alfabetetJonas Lie🡆 More