Det latinske riket (latin Romania) var eit rike som blei danna etter det fjerde krosstoget i 1204 då Konstantinopel, hovudstaden i Austromarriket, blei erobra av krossfararane.
Det latinske riket hadde som mål å få folket til å konvertera frå ortodoks til katolsk kristendom, og dette skapte uro i Konstantinopel. Balduin I blei keisar i Det latinske riket. Hans første oppdrag frå paven var å erobre alle dei gamle austromerske territoria. Etter at Konstantinopel fall var det oppretta nye statar i fleire av desse territoria og alle hadde same mål: Gjenerobring av Konstantinopel.
Ortodoks kristendom blei aldri gjort ulovleg i riket fordi det var opptatt med krigane mot Bulgaria, Keisarriket Nikea, Despotatet Epirus og Trapezunt. Under keisar Balduin II gjekk riket under den 25. juli 1261 då Mikael VIII Palaiologos frå Nikea gjenerobra Konstantinopel.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det latinske riket, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.