Fuktig Subtropisk Klima

Fuktig subtropisk klima er ei klimasone som er varm og fuktig om sommaren og kjølig eller mild om vinteren.

Nedbørsmengdene er meir eller mindre jamnt fordelt gjennom året. Det er mange område som fell inn under denne klimasona, og uttrykket «subtropisk» kan vere misvisande for vinterklimaet i dei kjøligare områda innanfor sona. Vinternedbør, av og til som snø, får ein i samband med store lågtrykkssystem som vestavinden fører frå vest mot aust. Nedbøren om sommaren kjem stort sett i samband med torevêr og av og til i samband med tropiske stormar eller tropiske syklonar. Fuktig subtropisk klima finn ein på søraustsida av alle kontinenta utanom Antarktis, hovudsakleg mellom 24º og 37º. Dei årlege normale ekstremtemperaturane er hovudsakleg mellom -12 °C og 43 °C, men dette kan variere stort frå stad til stad.

Fuktig Subtropisk Klima
Fuktig subtropisk klima-soner i verda. ██ Cfa ██ Cwa

Fuktig subtropisk klima i Europa

Det er hovudsakleg i sørlege delar av Europa, der ein ikkje har Middelhavsklima, at ein finn denne typen klima. Det er område frå Podalen i Nord-Italia og søraustover gjennom Slovenia og Kroatia. Nedbør om sommaren kjem i mykje større mengder enn i Middelhavsklimaet, og vintertemperaturane er berre like over frysepunktet.

Fuktig subtropisk klima i Asia

Denne klimatypen finn ein på den austlege og sentrale kysten av Kina, hovudsakleg mellom elvene Huang He og Chang Jiang, i tillegg til sørlege delar av Sør-Korea og låglandet i Japan. Det er derimot vanskeleg å skilje mellom fuktig subtropisk klima og fuktig kontinentalklima i Japan, særleg i sørleg område og i forskjellige høgder.

Fuktig subtropisk klima i Sør-Amerika

I Sør-Amerika finn ein vanlegvis denne klimatypen i pampas i Argentina og Paraguay, Uruguay og sørlege område av Brasil.

Fuktig subtropisk klima i Afrika

I Afrika finn ein denne klimatypen berre lengst søraust på kysten av Sør-Afrika, inkludert Durban og nordover til dei aller sørlegaste områda av Mosambikk.

Fuktig subtropisk klima i Australia

I Australia har ein ei smal sone nord i New South Wales og kysten av Queensland med denne typen klima. Nord for Brisbane vert derimot klimaet rekna som tropisk.

Fuktig subtropisk klima i Nord-Amerika

Denne typen klima i Nord-Amerika har ein nesten berre i Sørstatane i USA, med unntak av dei nordlege områda av desse statane.

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)

Tags:

Fuktig Subtropisk Klima Fuktig subtropisk klima i EuropaFuktig Subtropisk Klima Fuktig subtropisk klima i AsiaFuktig Subtropisk Klima Fuktig subtropisk klima i Sør-AmerikaFuktig Subtropisk Klima Fuktig subtropisk klima i AfrikaFuktig Subtropisk Klima Fuktig subtropisk klima i AustraliaFuktig Subtropisk Klima Fuktig subtropisk klima i Nord-AmerikaFuktig Subtropisk KlimaAntarktisKlimasoneNedbørSnøSyklonTorevêrTropisk stormTropisk syklon

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Nautisk milElvis PresleyISO 4217Ivan KramskojMøteplassTaekwondoIranBodhisattvaMesonTwitterStrilNorrønt21. januarCristiano RonaldoIngvild KjerkolNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Eddie MurphyOksidasjonStrategispelGiroSteve PorcaroInformasjonsattfinningThorleif HaugRussisk matSusanne SundførBo WiderbergEinatBieESerious Hits… Live!JernMenneskeHaugtussaJasmine Camacho-QuinnClaudio MonteverdiBrexitBelgiaSpeidarrørslaA4EnglandDeltaKommunismeMiddelhavetGammeChristianiaRådyrTidvatn2024CaliforniaBetasuppeVM i friidrett 2019Fylkesveg 751 (fleirtyding)KjønnshårLemmingPetter NorthugLungebetennelseParadise and LunchBarack ObamaLarge Binocular TelescopeElbaKopplamBrigitTettemjølkVM i alpine greiner 2019David CameronNasjonalinstrumentJordbruksrevolusjonenDet norske flaggetFriksjonAlaskaAndreas BlochDen europeiske unionenChampions LeagueRichie FaulknerHovudsideOslo kommune🡆 More