Konstantinopel var, frå 330 til 1930 namnet på byen som i dag vert kalla Istanbul i Tyrkia.
Før dette heitte byen Bysants eller Bysantium. Namnet har han etter keisar Konstantin I av Romarriket, som flytta hovudstaden i Romarriket hit.
Etter delinga av Romarriket var Konstantinopel hovudstad i austromarriket, eller det bysantinske riket. Mellom grekarane vart byen berre kalla «i Poli» 'Byen', sentrum i den greske verda og lenge den største byen i Europa. Blant nordbuarar var byen kjent som Miklagard.
Konstantinopel vart hærteke av det 4. krosstoget i 1204 og erobra av dei osmanske tyrkarane i 1453.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Konstantinopel, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.