Torevêr er eit vêrfenomen assosiert med lyn og torebrak danna av ei cumulonimbus sky.
I tillegg fører det ofte med seg kraftig regn, hagl og av og til snø, viss det er kaldt nok.
Torevêr kan oppstå over heile verda, men flest torevêr har ein i område med tropiske regnskogar der dei kan oppstå dagleg. Område i Uganda og øya Java i Indonesia har blitt nemnde som dei stadane på jorda med mest torevêr. I tempererte område er dei mest vanlege om våren og sommaren, men kan oppstå kortid som helst på året i samband med kaldfrontar. Det største og mest farlege torevêret oppstår oftast i Midtvesten og dei sørlege statane i USA, der uvêret kan produsere svært store hagl og kraftige tornadoar. Her i Noreg oppstår det oftare torevêr i indre strøk enn ute ved kysten om sommaren på grunn av kraftigare oppvarming av jordoverflata.
Torevêr oppstår når store mengder vassdamp kondenserer til vassdropar og iskrystallar i ein ustabil atmosfære med kraftige vertikale luftrørsler. Dette skjer som regel når tre vilkår er oppfylt: Nok fukt i den lågare atmosfæren (høg doggpunkttemperatur), temperaturen fell raskt med høgda (stor adiabatisk temperaturendring) og ei kraft som mekanisk konvergens langs ein kaldfront eller kraftig konveksjon for å auke dei vertikale luftstraumane.
Om ein veit vassinnhaldet som har kondensert i ei sky, kan ein rekne ut den totale energien i ei toresky. I eit gjennomsnittleg torevêr blir det frigjeve rundt 10 000 000 kilowatt-timar energi, som er om lag like mykje som ei atombombe på 20 000 tonn. Eit kraftig torevêr kan derimot vere 10 til 100 gonger så energirikt.
Torevêr har alltid påverka og gjort inntrykk på menneske. Romarane trudde det var kampar der guden Jupiter kasta lynboltar smidde av guden Vulkan. I norrøn mytologi trudde ein det var Tor som skapte både torerumlinga og lynglimta med bukkekjerra si.
Det er fire typar torevêr: enkeltcelle, multicelle, bygelinje og supercelle. Kva type som blir danna er avhengig av stabilitetsforholda i atmosfæren og dei relative vindforholda med høgda (vindskjer)
Multiceller eller byelinjer oppstår innanfor det ein kallar eit mesoskala konvektivt system (MCS) som strekker seg hundrevis av kilometer utover. Mesoskala konvektivt kompleks er eit nært relatert fenomen. Dei er store nok til å påverke vêret både i øvre nivå og ved overflata, og over store område. Før ein oppdaga MCS-fenomenet trudde ein at det var umogeleg å varsle individuelle torevêr. No kan ein forutsjå med stor presisjon kor stor del av MCS som blir råka av torevêr, men ein kan framleis ikkje nøyaktig varsle kor kvar toresky vil oppstå innanfor MCS-område.
Eit kraftig torevêr etter amerikansk standard er torevêr med vind over 25,5 m/s, hagl på over 1,9 cm, traktforma skyer eller tornadoar. Slikt torevêr fører til mange lynnedslag og kraftige regnbyer som lokalt kan føre til flaum. Definisjonen på kraftig torevêr varierer derimot frå land til land. Eit torevêr kan òg bli rekna for å vere kraftig visst det fører til kraftige vindkast eller kontinuerleg lyn og kraftig regn. Som regel oppstår dei i samband med mulitceller og byelinjer, men kan innimellom oppstå i samband med superceller.
Ei enkel toresky går gjennom tre stadier: Cumulusstadiet, Fullt utvikla stadiet og oppløysingsstadiet.
På cumulusstadiet blir store mengder med fukt ført oppover i høgda. Årsaka til dette kan vere solstråling som har varma opp overflata og danna termalar, område der to luftstraumar konvergerer og pressar lufta oppover, eller i område der lufta blir løfta oppover av hindringar. Vassdampen blir avkjølt når den stig og kondenserer til vassdropar, som vi ser igjen som ei cumulussky. Når vassdampen kondenserer blir det frigjeve latent varme som varmar opp lufta. Dette fører til at lufta blir lettare enn den omliggande tørre lufta, og aukar konveksjonen. Dette fører til at det blir danna område med lågt trykk under skya. Ei typisk toresky kan innehalde 5×108 kg vassdamp som blir løfta og energimengda som blir frigjeven når denne kondenserer er om lag det same som ein vanleg by på 100 000 innbyggjarar bruker på ein månad.
Når ei toresky er fullt utvikla vil den varme lufta halde fram med å stige til den når det stabile luftlaget over tropopausen. Lufta blir då spreidd utover horisontalt i staden for og gjev toreskya den karakteristiske amboltforma toppen. Denne skytypen vert kalla cumulonimbus incus. Vassdropane koaleserer til større dropar og frys til ispartiklar. Når desse fell kan dei smelte og bli regn. Visst den vertikale luftstraumen er kraftig nok kan den halde på ispartiklane lenger. Dei kan då vekse seg så store at dei ikkje smeltar heilt før dei når ned til bakken, og resultatet er hagl. Det fallande regnet dreg med seg luft nedover og skapar ein nedoverretta luftstraum. Med både oppover- og nedoverretta luftstraumar kan dette føre til kraftig turbulens inne i skya, som av og til kan gje kraftig vind, mykje lyn og til og med tornadoar ved overflata. Visst det er lite vindskjer vil nedbøren etter kvart føre til at oppdrifta stoppar heilt opp, men har ein ei endring av vindretning og/eller styrke kan dei nedoverretta luftstraumane bli separerte frå dei oppoverratta luftstraumane, og toreskya utviklar seg til ei supercelle.
Når nedbøren etter kvart har stogga dei oppoverretta luftstraumane vil skya begynne å løysast opp. I tillegg vil fukta forsvinne ut av skya i lag med nedbøren.
Lyn er ei elektrisk utlading som oppstår i torevêr, som ein lysande sikksakkforma strek frå skya. Lyn oppstår når elektrisk spenning byggjer seg opp i ei sky. Når spenninga er stor nok oppstår det ei stor utlading i form av eit lyn. Temperaturen i eit lyn kan bli høgare enn overflata på sola. Sjølv om eit lyn er ekstremt varmt, varer det så kort tid at det ikkje nødvendigvis er dødeleg. Ei populær utsegn er at lynet aldri slår ned same stad to gonger. Fleire folk har derimot blitt trefte av lyn meir enn tre gonger, og skyskraparar kan ofte bli treft av lyn fleire gonger i løpet av det same torevêret.
Det er fleire typar lyn.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Torevêr, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.