Java er ei av hovudøyane i Indonesia.
Ho ligg sør for Borneo og aust for Sumatra. Øya har eit areal på 132 107 km² og er tett folkesett av rundt 126,5 millionar. Den indonesiske hovudstaden Jakarta ligg vest på Java.
Java er ei av Sundaøyane. Nesten heile øya er av vulkansk opphav, og har heile 38 fjell med konisk form, eit teikn på at dei er gamle vulkanar. Området er sterkt ramma av jordskjelv.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Java, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.