Kondensasjon

Kondensasjon er ein faseovergong frå gass (eller damp) til ei væske.

Vanlegvis oppstår kondensasjon når gass blir avkjølt til væskeform, men kan òg oppstå visst gassen blir komprimert (t.d. at trykket aukar). Ei væske som har kondensert frå ein gass blir kalla kondensat. Utstyr eller lekam som fører til kondensert væske blir kalla kondensator.

Kondensasjon
Vassdamp kondenserer over ein kopp varm te

Kondensasjon av gass til væske er det motsette av fordamping eller koking, og er ein eksotermisk prosess, som betyr at varme blir frigjort. Vatn som ein kan sjå på utsida av kalde glas på ein varm dag er kondensasjon.

Kondensasjon av vatn i naturen

Kondensasjon 
Dogg på eit spindelvev.

Vassdamp frå lufta som kondenserer naturleg til vatn på kalde flater blir kalla dogg. Vassdamp vil berre kondensere på ei flate visst flata har lågare temperatur enn vassdampen eller når vassdampen er i likevekt i lufta, t.d. at lufta er metta med fukt. Når vassdamp kondenserer på ei flate, varmar den opp flata den kondenserer på. Vassmolekyla bringar varme til flata, og fører til at temperaturen i den omliggande atmosfæren fell lite grann. I atmosfæren er det kondensasjonsprossessar av vassdamp som produserer skyer. Doggpunktet til ein luftpakke er temperaturen som luftpakken må avkjølast til for at lufta skal kunne kondenserast.

Luft kan berre innehalda ei viss mengd vassdamp. Denne grensa varierer med temperaturen, og jo høgare temperaturen er jo meir vassdamp kan lufta halde på.

Det oppstår òg kondensasjon av vassdamp på overflata når temperaturen på overflata er like stor eller mindre enn doggpunkttemperaturen. Deposisjon er ei form for kondensasjon, som rim og snø er døme på. Deposisjon er når vassdamp går direkte over til is, utan å vere innom væskefasen.

Kjelder

Tags:

GassKondensatKondensator

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

WikimediaLotta i BråkmakergataNordmannenIslandWikipediaBergen kommuneFinnøyDen julianske kalenderenSindikíHelena Bonham CarterHeinoSofie MarhaugArs Moriendi, eller De syv dødsmåter17. aprilGrønland27-årsklubbenKatt1989TutankhamonVerdas landArne DokkenCharlène av MonacoØrsta kommuneROBEKEHF-meisterligaen i handball 2013/MennVerdsdelMatOdinKvartalKilometerDen russiske bjørnenVatnDet norske flaggetLangeStaffan stalledrängByggWayback MachineRomersk kamilleSwire SeabedBarentshavetLohengrin sjokoladeRubjerg Knude FyrListe over primtalBokormDattatrejaSyriaSauGåsDag HammarskjöldEddadiktNasjonalrettDet buddhistiske livshjuletAustvågøyMuttenRagnar LodbrokNato-alfabetetKredittDen franske revolusjonenVinkelfartThe Rolling StonesMauritaniaBjørnstjerne BjørnsonDanmarkHjerneNamnedagEuropeisk ålMediaWikiIdeologiKarbalaDUF-nummerAbrasivKyle WalkerLagerthaOslo kommune🡆 More