Doggpunkt

Doggpunktet til ein luftpakke er temperaturen lufta må avkjølast til, ved konstant lufttrykk, for at vassdamp skal kondensere til vatn, ofte kalla dogg.

Når doggpunkttemperaturen kjem under 0 °C kallar ein det rimpunktet sidan vassdamp ikkje lenger vil danne dogg, men rim eller rimfrost ved deposisjon.

Doggpunkt
Dogg på eit spindelvev

Lufta kan innehalde meir vassdamp når temperaturen aukar. Vassdampen sitt likevektspartialtrykk aukar med aukande temperatur og dermed kan meir vatn fordampe. Lufta har ingenting å seie for fordampingsprosessen, og sjølv om vassdampen var den einaste gassen til stades ville han ha kondensert.

Doggpunktet er knytt til relativ fukt. Høg relativ fukt indikerer at doggpunktet er nærare lufttemperaturen. Viss den relative fukta er 100 %, vil doggpunkttemperaturen og lufttemperaturen vere like. Viss ein har eit konstant doggpunkt vil den relative fukta minke når lufttemperaturen aukar. Dette er årsaka til at tropisk klima kan ha låg relativ fukt og likevel kjennast ubehageleg.

Ein plar å kjenne uvelvære ved høge doggpunkt. Dei som er vand med kontinentalklima startar å kjenne seg ubehageleg når doggpunktet kjem opp i mellom 15 og 20 °C.

Formel

Her er ein formel til å rekne ut doggpunktet innanfor ±0,4 °C. Han gjeld for

    0 °C < T < 100 °C
    0,01 < RH < 1,0
    0 °C < Td < 50 °C

der

    T = temperaturen i grader Celsius
    RH = er relativ fukt
    Td = er doggpunkttemperaturen som skal reknast ut.

Formelen er:

    Doggpunkt 

der

    Doggpunkt 

og

    a = 17.27
    b = 237.7 °C
    ln er naturleg logaritme.

For utleiing av formelen og feilestimat sjå Utrekning av doggpunktformel Arkivert 2014-10-03 ved Wayback Machine..

Bakgrunnsstoff

Tags:

DeposisjonDoggFrostKondensasjonLuftpakkeLufttrykkVassdamp

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Romanen AndvakeTangensRoyal Academy of ArtsHar SedomSkottlandÅJerry ReedBjørnøyaFinnmark fylkeHarald V av NoregÅse KlevelandRenate StecherSpeleautomatRanavik-SkjersholmaneBentein BaardsonÅrKobe BryantBlackjackChampions LeagueTroms fylkeRose-Marie HuuvaBygg og anleggGiro27. februarUngarnAtenAnnuitetsfaktorEero MäntyrantaRakiaKonrad AdenauerMartyrBerlinblokadenBritiske monarkarSymbol i hinduismenStord kommuneNyreportNynorskOlav V av NoregHaakon Magnus av NoregStein WingeLohengrin sjokoladeTransferfunksjonNasjonalplantarTschaggunsSenftenbergHandball-EM 2010 for mennKV «Bison»VM i fotball 1986Vebjørn SandPalestinamandatetRomsonden PsycheSally FieldMotiv i bildeRenessansen24. desemberCelin Bizet IldhusøyTantawan TuatulanonHugo HaaseHarald SæverudMallorcaAmfibolKorintarRepublikkFascismeKvartalTyngdeakselerasjonKvekaraneBobby KimballDamplokomotivErling Braut HaalandGunnhild SundliBergensararHarry Potter og FøniksordenenJantelovenMøre og Romsdal fylke🡆 More