Latent varme er varmemengda som må til for at eit stoff skal gjennomgå ein faseendring (endre aggregattilstand).
Konseptet blei først nemnt rundt 1750 av Joseph Black. Ein har to typar latent varme. Ein er latent varme ved smelting og den andre latent varme ved fordamping, og skildrar kva veg varmen strøymer frå ein fase til den neste:
Energiendringa er endotermisk når eit stoff går frå fast stoff til væske til gass, og eksotermisk når endringa går i motsett retning.
Stoff | Latent varme smelting J/g | Smelte- temperatur °C | Latent varme fordamping J/g | Koke- temperatur °C |
---|---|---|---|---|
Etanol (alkohol) | 108 | -114 | 855 | 78.3 |
Ammoniakk | 339 | -75 | 1369 | -33.34 |
Karbondioksid | 184 | -57 | 574 | -78 |
Helium | 21 | -268.93 | ||
Hydrogen | 58 | -259 | 455 | -253 |
Nitrogen | 25.7 | -210 | 200 | -196 |
Oksygen | 13.9 | -219 | 213 | -183 |
Metylbenzen | -93 | 351 | 110.6 | |
Terpentin | 293 | |||
Vatn | 335 | 0 | 2272 | 100 |
Når eit vassmolekyl fordampar frå ei vassflate og inn i atmosfæren, blir varme overført via vassmolekylet til ein luftpakke med lågare temperatur. Ein må ha energi for å fordampe vatn til vassdamp, og vassmolekyla i vassdampen held på denne energien som indre energi. Denne «lagra» energien vert kalla latent varme, og når vassdamp går over til vatn (kondensasjon) eller is (deposisjon) vert demme energien frigjeve som merkande varme på flata der kondenseringa (eller deposisjonen) har skjedd.
Latent varmefluks er varmefluksen frå jordoverflata til atmosfæren i samband med fordamping av vatn, og kondensasjon av vassdamp i troposfæren. Det er ein viktig komponent i Jorda sitt energibudsjett for overflata. Latent varmefluks blir vanlegvis målt med å bruke bowenforholdsteknikken eller via kvervlingskovarians, som er ein statistisk reiskap for å analysere atmosfæriske storleikar som svingar raskt med tida (høgfrekvent dataserie), og gjev fluksverdiar for desse storleikane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Latent varme, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.