Marmarahavet (gresk Θάλασσα του Μαρμαρά, tyrkisk Marmara Denizi), i antikken kalla Propontis (gresk Προποντίς) er eit innhav mellom Svartehavet og Egearhavet som skil den europeiske og den asiatiske delen av Tyrkia frå kvarandre.
Bosporossundet går frå Marmarahavet til Svartehavet, medan Dardanellane går til Egearhavet. Området dekkjer kring 11 350 km² (280 km x 80 km) og den største djupna er 1370 meter.
Saliniteten i havet er i snitt 22 promille, som er noko større enn for Svartehavet, men berre om lag to tredjedelar saltinnhaldet i dei fleste havområde. Vatnet er derimot langt meir salt nær havbotnen, i snitt kring 38 promille, noko som er nær saltinnhaldet i Middelhavet. Dette salte botnvatnet går derimot ikkje opp til overflata, på liknande vis som i Svartehavet. Vasstilførsel frå elvane Susurluk, Biga (Granikos) og Gonen reduserer òg saltinnhaldet i havet, men elvane her har mindre påverknad enn dei har på Svartehavet. Lite av landområda i Thraki vert drenert sørover, så det meste av vatnet i desse elvane kjem frå Anatolia.
Det ligg to store øygrupper i havet, Prinseøyane og Marmaraøyane (inkludert Avşa og Paşalimanı). Sørkysten av havet er sterkt forreven og her finn ein mellom anna Izmitbukta, Gemlikbukta og Erdekbukta. Den nordanatoliske forkastinga, som har utløyst fleire store jordskjelv i nyare tid, som İzmit-skjelvet i 1999, går under havet.
Under eit uvêr den 29. desember 1999 knekte den russiske oljetankaren «Volgoneft» i to i Marmarahavet og meir enn 1500 tonn olje slapp ut i havet.
Havet har fått namn frå Marmaraøya, som er rik på marmor. Marmor på gresk er μάρμαρον (marmaron).
Det greske namn i antikken var derimot Propontis som kjem av pro (før) og pont- (sjø). Dette viser til at grekarane segla gjennom dette havet før dei kom til Svartehavet. I gresk mytologi førte ein storm på Propontis argonautane attende til øya dei hadde dratt frå, og to an island they had left, framskunda eit slag der anten Jason eller Herakles tok livet av Kong Kyzikos, som trudde dei var fiendane hans frå Pelasgia.
Byar langs kysten av Maramarahavet er:
Provinsen Istanbul
Provinsen Balıkesir Provinsen Bursa
| Provinsen Çanakkale Provinsen Kocaeli Provinsen Tekirdağ Provinsen Yalova
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Marmarahavet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.