Candle In The Wind 1997

«Something About the Way You Look Tonight»«Candle in the Wind 1997»

Candle in the Wind 1997
Singel av Elton John
A-side

B-side

«You Can Make History (Young Again)»

Utgjeve 13. september 1997
Innspelt September 1997
Sjanger Poprock
Lengd 4:11
Selskap Rocket Records (UK)
A&M (US/Canada)
Komponist Elton John
Tekstforfattar Bernie Taupin
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Produsent George Martin
Elton John-kronologi 
«Live Like Horses»
(1996)
Candle in the Wind 1997 «Recover Your Soul»"
(1998)


«Candle in the Wind 1997» er ei omskriving og nyinnspeling av Elton John sin eigen «Candle in the Wind» frå 1973 og gjeven ut på singel som ei hyllest til den avdøde Diana, prinsesse av Wales.

I følgje Recording Industry Association of America, som sertifiserer platesal, er singelen «den bestseljande singelen gjennom tidene» Guinness Book of World Records 2009 skriv at songen er «den bestseljande singelen etter dei britiske og amerikanske listene byrja i 1950-åra, og har på verdsbasis seld 33 millionar eksemplar».

Singelen kom ut i september 1977 og vart den fjerde singelen til John som gjekk til topps i Storbritannia og den mestseljande singelen i britisk musikkhistorie. I oktober same året vart han den niande singelen til John som gjekk til topps i USA, og vart liggande på toppen av Billboard Hot 100 i heile 14 veker, og vart den mestseljande singelen i historia til Billboard og den einaste singelen i USA som er sertifisert til diamantplate.

«Candle in the Wind 1997» toppa singellistene i Tyskland i sju veker, i Australia og Noreg i seks veker, og nådde toppen i Japan, Canada, Frankrike og mange andre land.

John vann Grammyprisen for beste mannlege popvokal med songen i 1998. Teksten til den tidlegare versjonen av «Candle in the Wind», skriven av Bernie Taupin, var ei hyllest til Marilyn Monroe. Opningslinja frå 1973-versjonen var «Goodbye Norma Jeane, though I never knew you at all», og vart omskriven til «Goodbye England's rose, may you ever grow in our hearts.» Det meste av teksten vart omskriven for å tilpasse han hendingane kring livet og dødsfallet til Diana.

Bakgrunn

Den 31. august 1997 omkom Diana, prinsesse av Wales i ei bilulukke i Paris i Frankrike. Meldinga sjokkerte Elton John, sidan han og prinsessa hadde vore gode vener. Han hadde same sommaren mista ein annan nær ven, motedesigneren Gianni Versace, tidlegare på sommaren, og i gravferda hans vart John trøysta av Diana.

John vart som følgje av desse dødsfalla særs deprimert og for å takle dette valde han å skrive ei hyllest til Diana. Han tok kontakt med venen Bernie Taupin og bad han skrive ein tekst som minna om «Candle in the Wind». Taupin misforstod derimot og trudde han vart beden om å berre skrive om teksten til songen frå 1973 til ære for Diana. George Martin vart kontakta for å produsere songen.

John framførte berre «Candle in the Wind 1997» offentleg ein gong, i gravferda til Diana i Westminster Abbey den 6. september 1997. Sjølv om han framleis syng originalversjonen frå 1973, har han alltid avslått ønske om å framføre 1997-versjonen. Han nekta sjølv å spele versjonen under minnekonserten for Diana i juli 2007, og sa at han aldri kom til å spele songen att, med mindre ein av sønene til Diana bad han om det. Songen har aldri vorte gjeven ut på nokre samlealbum eller nokre av hans andre album, ikkje ein gong på hyllestalbumet til Diana frå 1997, Diana Princess of Wales: Tribute med artistar som Eric Clapton, Paul McCartney, Queen, Celine Dion og Rod Stewart.

Lister

Det var venta at «Candle in the Wind» kom til å debutere høgt på listene. Det vart den raskast seljande singelen nokon gong i Storbritannia og selde 658 000 eksemplar den første dagen han kom ut, og over 1,5 millionar eksemplar den første veka. Singelen vart verande på førsteplassen i fem veker, og selde til slutt 4,86 millionar eksemplar i Storbritannia og tok med det over den 13 år gamle rekorden til Band Aid sin «Do They Know It's Christmas?». Han vart kåra til den bestseljande singelen i Storbritannia nokon gong.

Singelen hadde liknande suksess i USA. Han kom ut 22. september 1997 og debuterte på toppen av Billboard 100 og selde den første veka 3,5 millionar eksemplar. Singelen låg heile 14 veker på toppen av singellista, som er rekord for ein mannleg soloartist. Som den mestseljande singelen i historia til Billboard history, og den einaste singelen som er sertifisert med diamantplate i USA, selde han her 11 millionar eksemplar. På verdsbasis selde singelen 33 millionar eksemplar, noko som i følgje estimat gjer han til den nest mest selde singelen gjennom tidene etter «White Christmas» av Bing Crosy. Salstala til sistnemnde er berre basert på estimat, men er rekna for å vere kring 50 millionar.

I Canada låg «Candle in the Wind 1997» heile tre år inne på Topp 20 og heile 46 veker samanhengande på førsteplassen. Dette er vorte forklart med at det generelt er få singlar tilgjengeleg for sal i Canada. I Tyskland vart singelen den åttande mest selde gjennom tidene. Singelen er òg den mestseljande i Australia, og låg der 6 veker på førsteplassen og 56 veker inne på Topp 100. I Finland vert singelen rekna som den bestseljande gjennom tidene.

Det er estimert at på det meste vart det seld nesten seks eksemplar av singelen i sekundet.

Lister

Liste (1997) Plassering
Australia 1
Austerrike 1
Belgia (Wallonia) 1
Belgia (Flandern) 1
Canada 1
Nederland 1
Finland 1
Frankrike 1
Tyskland 1
Irland 1
Italia 1
Japan 1
New Zealand 1
Noreg 1
Sverige 1
Sveits 1
Storbritannia 1
USA 1

Sjå òg

Kjelder


Føregangar
«I'll Be Missing You»
Puff Daddy & Faith Evans
Toppen av VG-lista
Elton John

6 veker, veke 39–44, 1997
Etterfylgjar
«Prince Igor»
The Rhapsody feat. Warren G & Sissel Kyrkjebø

Tags:

Candle In The Wind 1997 BakgrunnCandle In The Wind 1997 ListerCandle In The Wind 1997 ListerCandle In The Wind 1997 Sjå ògCandle In The Wind 1997 KjelderCandle In The Wind 1997Something About the Way You Look Tonight

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Katrine SeleGullKoalaOlt fylkeStareKjersti Wøien HålandNorskEddadiktJosip Broz TitoStorbritanniaBotanikkBjørn49Bahareh LetnesMS «Berge Stahl»HardangerbruaPåskekrimLTelegrafiRekreasjonAngolaNasjonaldyrGurkemeieDet norske alfabetet42OstSilvestre y La NaranjaThomas NummeWilliam WordsworthMalwareTower of LondonRadikalismeQAfghanistanJødedommenAStockholms stadshusSiri KalvigAker DrillingTete LidbomKaptein SabeltannFotballAdamsepleQufu1900-taletOHundMuslimsk tidsrekningTsjekkiaVerdTidslinje over norsk historieMarokkoIranBergensbanenArtikkelGVulvaLausdansEngelskDigital object identifier9PåskekyllingInflasjonCatherine av Cambridge923325SauDamplokomotivBelgisk Kongo98Du som låg i natti seineVefsnmålCathinka GuldbergFeltpost🡆 More