Bahareh Letnes (fødd 11.
april">11. april 1990) er ein norsk-iransk flyktning, tannlegeassistent og forretningskvinne. Ho har vore med i fleire venleikstevlingar, og blei kåra til Miss Iran 2013, Miss Globe Iran 2014 og Miss Grand International Iran 2014, og blei nummer to i Miss Top of the World 2013.
Bahareh Letnes | |
Fødenamn | Bahareh Heidari Nasser-rad eller Nasserabad |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. april 1990 (34 år) Iran |
Yrke | bar manager, venleikstevlingsdeltakar, realitydeltaker |
Politisk parti | Venstre |
Partnar | Per Sandberg |
Letnes kom frå Iran til Norge som tenåring. Ho fekk tre avslag på søknad om asyl og blei tvangsreturnert til Iran. Sidan ho mangla dei rette dokumenta blei ho send tilbake til Noreg, og fekk til slutt innvilga opphald fordi ho var ung og kunne risika tvangsekteskap i heimlandet.
Letnes har arbeidet med relasjonsbygging mellom Iran og Norge, og eig mellom anna enkeltpersonføretaket B & H General Trading Company. Bahareh Letnes.
Letnes blei offentleg omtalt då det kom fram at ho hadde eit kjærasteforhold til fiskeriminister Per Sandberg, og at dei to hadde reist til Iran saman. Saka enda med at Per Sandberg gjekk av som fiskeriminister 13. august 2018. Seinare same året gav paret ut bok om saka.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bahareh Letnes, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.