Vitamin er livsnødvendige stoff som trengst i små, men ikkje mindre viktige, dosar.
Vitamina bidreg særleg i stoffskiftereaksjonar.
Dei forskjellige vitamina er A, B, C, D, E og K. Her er også åtte ulike B-vitamin med, som gjerne vert omtala under eitt som «vitamin B-gruppa».
Det finst både vassløyselege og feittløyselege vitamin.
Ordet vitamin kjem frå det latinske vita, som tyder ‘liv’, og amin, ettersom ein først trudde dei høyrde til denne stoffgruppa.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vitamin, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.