C-vitamin, også kjent som askorbinsyre og L-askorbinsyre, er eit vassløyseleg vitamin og ein antioksidant.
Det er ei svak syre med kjemisk formel . Det er L-enantiomeren som verkar som eit vitamin. D-enantiomeren har ikkje biologisk aktivitet. Enantiomerane inneheld dei same atoma og er spegelbilete av kvarandre.
Vitaminet er nødvendig for regulering av jernopptak og feittforbrenning. Det har òg mange andre funksjonar i kroppen. Dagsbehovet er 60 mg, men mange meiner at ein bør ta langt større dosar. Skjørbuk skuldast mangel på C-vitamin.
C-vitamin finst i bær, frukt og grønsaker som kiwi, sitrusfrukter og potet.
Askorbinsyre har E-nummer 300, og vert nytta som tilsetjingsstoff i matvarer (t.d. mjøl) for at dei betre skal tola lagring.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article C-vitamin, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.