Svart pepar (Piper nigrum) er ein klatreplante i peparfamilien og eit mykje brukt krydder som ofte berre blir kalla pepar.
Pepar | |
Pepar | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Piperales |
Familie: | Peparfamilien Piperaceae |
Slekt: | Peparslekta Piper |
Art: | Pepar P. nigrum |
Vitskapleg namn | |
Piper nigrum |
Peparplanten er ein fleirårig klatreplante med vedstamme som kan bli opptil 4 meter høg. Han veks opp langs tre, master og stativ. Planten har luftrøter og kan også slå rot om han når bakken att. Blada er hjarteforma og kan bli 12-18 cm lange. Planten har små blomar som er kvite eller grøne. Dei sit i hengjande rakler som blir 4-8 cm lange. Vanlegvis har ulike plantar hann- eller hoblomar. Kvar hobloma dannar ei kulerund steinfrukt som blir kalla peparkorn. Peparkorna er grøne som kart og raude i mogen tilstand. Kvar klase inneheld opptil femti peparkorn.
Innhausting og tørkemetode avgjer fargen på peparkorna, som kan vera svarte, kvite, grøne eller raude. Dei tradisjonelle fargane er svart, som er tørka peparkorn med skal, og kvite, der skala er fjerna. Raude og grøne peparkorn kan også syltast.
Peparplanten veks i tropisk klima og blir mellom anna dyrka i India, Indonesia, Vietnam, Malaysia og Brasil. Dei viktigaste produsentlanda var opphavleg India og Indonesia, men Vietnam auka produksjonen og blei den største peparprodusenten på 2000-talet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Svart pepar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.