Eit jarnbanetog, jernbanetog eller berre tog, er etter gjengs meining to eller fleire vogner som er bygde for å køyre samansett i rekke på ein jarnbane for å kunne transportere ei stor mengd personar eller varer samstundes.
I jarnbanefagleg samanheng treng ikkje eit tog vere meir enn eit lokomotiv eller liknande ute på lina.
I persontog kan vognene anten vere motorlause og verte trekte av eit lokomotiv fremst i togsettet, der føraren sit, eller dei kan vere bygde som sett av sitjevogner med eigen motor og med førarplass i kvar ende, såkalla motorvogner eller motorvognsett. Vognene i godstog er enkle konstruksjonar som alltid vert trekte av lokomotiv. Det er bremsar på alle hjula i eit tog.
I Noreg eig Jernbaneverket infrastrukturen, det vil seie skjenegangen, stasjonar og anna som høyrer med til dette, medan private, halvstatlege eller statlege selskap (som til dømes NSB) eig og driv toga.
Det er vanleg å dele toga inn i ulike kategoriar etter kva dei fraktar og kva slags rute dei køyrer:
Persontog eller passasjertog er tog for transport av ferdafolk, eventuelt med vogner eller plass i vogner for transport av reisegods som syklar, barnevogner osb., eller mindre mengder anna gods. Persontog kan òg ha spesialvogner for å frakte personbilane til passasjerar i toget, såkalla «biltog».
Godstog er tog som berre fraktar gods. Vogner til transport av varer i store, lukka stålkonteinarar som kan flyttast med mobile heisekranar og spesielle hamnekraner mellom lastebilar, tog og skip har for det meste teke over for dei gamle, innelukka stykkgodsvognene der varene måtte lastast inn gjennom dører i sidene på vognene. Godsvognene kan òg vere spesialbygde for særlege typar gods, som til dømes med tankar for bensin, mjølk, vin, flytande kjemikaliar osb., med plattformer i ei eller to høgder for bilar, med faste stålkasser for malm, pukkstein, flis til papirfabrikkar osb., eller innretta for transport av tømmer og trelast og liknande.
Arbeidstog er spesialtog eller spesielle motorvogner med reiskap og innretningar for kontroll, vedlikehald og anna arbeid på skjener, køyreleidningar (straumtilførsla til toga) og det som elles har med jarnbanelina å gjere.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jarnbanetog, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.