Skjelpadder er anapside krypdyr av ordenen Testudines.
Skjelpadder | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Orden: | Skjelpadder Testudines Batsch, 1788 |
Dei er kjenneteikna ved at størsteparten av kroppen er dekt med eit hardt beinskal utvikla frå ribbeina, og ved at hovudskalla manglar andre opningar enn dei til auga og nasebor. Gruppa er den eldste nolevande krypdyrordenen; dei eldste fossilane som er funne stammar frå over 215 millionar år sidan. Per i dag finst det 300 artar skjelpadder, både på land, i ferskvatn og i havet.
I norsk fauna er skjelpadda ein særs sjeldan gjest. Likevel har det førekome nokre få observasjonar av havskjelpadde, både drive i land og frittsymjande utanfor kysten. Det er registrert totalt to artar her; uekte karett og havlêrskjelpadde.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Skjelpadder, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.