Undulat: Art av papegøyefuglar

Undulat (Melopsittacus undulatus) er ein liten papegøye i parakittfamilien.

Undulat
Vill undulat fotografert i Alice Springs.
Vill undulat fotografert i Alice Springs.
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av undulat
Utbreiinga av undulat
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Parakittfamilien
Underfamilie: Loriinae
Slekt: Melopsittacus
Art: Undulat M. undulatus
Vitskapleg namn
Melopsittacus undulatus

Fuglen stammar frå Australia, der han lever vilt, men er blitt vanleg som burfugl. Ville fuglar er lysegrøne, medan det blant tamfuglar finst mange ulike fargar. Undulatar er sosiale fuglar, og i det fri lever dei i store flokkar i tørre, opne område. Nokre av dei kan læra seg å herma ord.

Undulat: Skildring, Levesett, Domestisering
Hovud på hannundulat med dei særeigne flekkane.

Skildring

Undulatar er rundt 15–22 cm lange. Ville undulatar har ei gjennomsnittslengd på 18 cm og vekt på 30-40 gram. Nokre tamfuglar kan bli mykje større. Dei har vanlegvis grøn fjørdrakt på kroppen med svarte og gule fjører på hovud og venger i bølgjemønster (ondulering). Hjå tamfuglar finst ei rekkje fargar, som blå, grå, kvit og lilla, men dei vanlegaste fargane er blå, grøn og gul. Både ville og tamme fuglar har tre svarte flekkar og ei kongeblå stripe på kvart kinn. Halen er djupblå med lange midtfjører.

Nebbet er kort og krumma, med overdelen mykje større enn underdelen. Vokshuda ved nebbrota er blå eller lilla på hannar, brun på hekkande hoer, kvit eller lyseblå hjå ikkje-hekkande hoer og rosa på umogne fuglar.

Som mange fuglar har undulatar tetrakromatisk syn. Dette tyder at dei har fire ulike slag tappar i augo, og i tillegg til synleg lys (for menneske) kan dei òg sjå ultrafiolett lys.

Levesett

Ville undulatar lever i flokkar i gras, skog og kratt i heile det australske innlandet. Klimaet dei lever i er prega av høge temperaturar, tørt jordsmonn og lite nedbør. Sidan 1940-talet har ein observert ein forvilla tamfuglstamme ved St. Petersburg i Florida, men populasjonen har gått ned sidan 1980-talet.

Undulatane lever som streiffuglar og følgjer gjerne graset etterkvart som det mognar. Dei beiter i mindre familiegrupper eller i større flokker ut frå årstid og næringstilgang. Fuglane føretrekk frø frå kengurugras, og forskjellige typar enggras og raigras. I tillegg et dei planteskot, bork og insekt. Av og til at beiter dei på dyrka mark.

Undulat: Skildring, Levesett, Domestisering 
To egg og tre klekte undulatkyllingar.

Forplanting

Undulaten rugar i holrom i tre, særleg eukalyptustre, med lite reirmateriale. Ofte rugar fleire par i same tre. Dei legg 2-10 egg som dei ruger i 18 dagar. Ungane blir verande i reiret i rundt 30 dagar. Vaksne fuglar får gjerne fleire kull om året, nøye tilpassa mogningstida for graset. Dei hekkar i tida etter regnperiodane når plantane veks.

Undulaten blir typisk 10-12 år gamal ved gode livskår. Nokre individ har blitt over 20 år gamle.

Domestisering

Undulat: Skildring, Levesett, Domestisering 
Utstillingsfugle, til venstre, og to tamfuglar med storleik, men ikkje fjørdrakt, som villfuglar.

Undulatar blei først innførte til Europa i 1840, etter at ein hadde stilt ut ein utstoppa fugl i England i 1831. Fuglane blei sende med skip frå Australia, og få overlevde. Dei blei likevel raskt utbreidde som burfuglar. I 1894 blei det innført forbod mot å ta fuglar ut frå Australia, eit forbod som framleis gjeld. Då hadde ein allereie byrja driva oppdrett av fuglane. Med tida har ein utvikla tamfuglar som er ganske forskjellige frå dei ville, til dømes gjennom mange nye fargevariantar, eller den «engelske» eller utstillingsundulaten som er mykje større enn den ville.

Undulat: Skildring, Levesett, Domestisering 
Ein familie av fem undulatar med ulike fargar.

Sidan undulatar er flokkdyr trivst dei best om dei blir haldne flokkvis eller i par. Elles krev dei mykje samspel med menneske. Blir dei for einsame kan dei plukka av seg fjørene.

Bakgrunnsstoff

Undulat: Skildring, Levesett, Domestisering  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Undulat
Undulat: Skildring, Levesett, Domestisering 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Melopsittacus undulatus

Kjelder

«undulat» i Store norske leksikon, snl.no.

    Fotnotar

Tags:

Undulat SkildringUndulat LevesettUndulat DomestiseringUndulat BakgrunnsstoffUndulat KjelderUndulatAustraliaPapegøyeParakittfamilien

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Dire Straits av Dire StraitsVerdshandelsorganisasjonenKolibriarThe GuardianWayback MachineElizabeth II av StorbritanniaVladimir VysotskijKasakhstanÅborGiant's CausewayLandsting i SverigeOn Every StreetKristian ØdegårdHändels MessiasMartti AhtisaariTidssoneUngarnEl SalvadorKåre ConradiDet svenske flaggetTalteoriPetter Dass-monumentetIslamTula oblastDavid CameronMonogamiFilmserien OlsenbandenAtomvåpenGaupeThe Hunchback of Notre DameFotball-VM 1982Nord-Amerika9. juniPeggy SueMarina OvsiannikovaOle PausThe BugGraveugleTokyoStord kommuneNedbørKokosøyaFredrik IX av DanmarkKreftPåskeprosesjonNasjonalrettJørn Lier HorstMargrete ValdemarsdotterLønnIranBokstaven betAmanda DelaraPlatinaVasco da GamaSverre WilbergØresundbruaGabrielle LeithaugFrisk Asker IshockeyBrahmaputraEurystomusHal LindesSionismeIslandJulenissenAlbert EinsteinA Whiter Shade of PaleDanmarkTriduumDelaware Art MuseumTuk-tukStrilNéos MylótoposOmanRhinen🡆 More