The Guardian er ei britisk avis gjeven ut av The Guardian Media Group plc i London.
Den internasjonale utgåva, The Guardian Weekly, vert gjeven ut kvar veke over heile verda. Ho inneheld òg artiklar frå den britiske søndagsavisa The Observer, USA-amerikanske The Washington Post og franske Le Monde.
The Guardian | |||
| |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Type | Dagsavis | ||
Format | Tabloid | ||
Frekvens | (måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag) | ||
Grunnlagd | 5. Mai 1821'"`uniq--ref-00000002-qinu`"' | ||
Eigarar | Guardian Media Group | ||
Utgjevar | Guardian Media Group | ||
Sjefredaktør(er) | Alan Rusbridger (1995– 1. juni 2015) | ||
Språk | Engelsk | ||
Politisk posisjon | Sentrum-venstre | ||
Opplag | 107 899 (februar 2021), 126 879 (februar 2020) | ||
Hovudkvarter | London | ||
ISSN | 0261-3077 | ||
OCLC | 476290235, 60623878 | ||
Nettstad | https://www.theguardian.com (engelsk) |
The Guardian vart opphavleg grunnlagd som The Manchester Guardian i 1821 i Manchester, og fekk det noverande namnet sitt i 1959. Tradisjonelt var ho knytt til det britiske liberale partiet. Under den spanske borgarkrigen støtta den venstresida og var den einaste noverande britiske avisa som ikkje støtta Francisco Francos nasjonalistar. The Guardian er ei av dei mest velsette avisene i Storbritannia, og er kjend for å vere uavhengig og ha høg journalistisk standard.
I 2005 endra avisa format frå det tradisjonelle fullformatet (broadsheet) til berlinar (midi), blant anna som eit svar på at aviskonkurrentar som The Times og The Independent gjekk over til tabloidformat.
I november 2005 hadde avisa eit dagleg opplag på rundt 380 000 eksemplar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article The Guardian, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.