Tabloid er eit omgrep som kan visa til både form og innhald i ei avis.
Det er det minste avisformatet, og blir teke i bruk av stadig fleire aviser. Samstundes kan «tabloid» visa til ei lettvint og gjerne populistisk framstilling.
Ordet blei opphavleg sett saman av tablett og -oid, '-aktig', og registrert som eit varemerke for piller i 1884 av Burroughs-Wellcome. Men omgrepet fekk snart ei utvida tyding om noko som var lite og lettvint, og blir i dag hovudsakleg brukt innan medieverda.
Formatet, som blei til i 1918, fekk namn etter den tabloide stilen. Ei avis i tabloidformat måler 597 x 375 mm når ho er open. Ein fordel med tabloidformatet er at avisa blir lettare å handtere under lesing, noko som særleg blir sett pris på ved lesing på kollektive transportmiddel. Særleg i 2000-åra har stadig fleire aviser gått over til tabloidformat.
Tabloidaviser har ord på seg for å legga vekt på sensasjonelle oppslag og overflatisk stoff.
I Noreg vil mange innskrenka «tabloidavis» til berre å visa til aviser som blir selde i laussal, med VG og Dagbladet som dei to største døma. Andre store norske aviser som no blir utgjeve i tabloidformat, men som vanlegvis ikkje blir rekna som tabloidaviser, er Aftenposten, Dagens Næringsliv, Klassekampen og Adresseavisa.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tabloid, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.