Tårnseglar er ein fugleart i seglarfamilien.
Tårnseglar | |
Tårnseglar | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Nær truga Utbreiinga av tårnseglar | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Seglarar Apodidae |
Slekt: | Apus |
Art: | Tårnseglar A. apus |
Vitskapleg namn | |
Apus apus |
Tidlegare vart arten kalla tårnsvale på grunn av likskapen med svalene, som står fjernt med omsyn til biologisk slektskap.
Tårnseglaren er kring 18 cm lang og har eit vengespenn på meir enn 40 cm. Heile fuglen er brunsvart unnateke strupen som har ein kvit flekk. Vengene er lange og sigdforma. Fuglane er raske i lufta og kastar seg fram og attende på jakta si, eller når dei flyg rundt i flokk.
Læte er eit karakteristisk skrikande sriii som fuglane stendig tek opp att.
Fuglen hekkar i store delar av Europa, med unntak av Island, og frå Nord-Afrika austover i eit breitt belte til Bajkal og det sentrale Kina. Sørgrensa går frå Palestina austover gjennom Iran og Kashmir vidare gjennom Mongolia langs Huang He til Gulehavet. Nominatforma apus hekkar i dei nordlege og vestlege delar av utbreiingsområdet. Underarten pekingensis hekkar frå Iran og austover.
Arten er vanleg på Austlandet og nordover til Trøndelag, meir fåtalig i Nordland og på Vestlandet. I Troms og Finnmark er arten sjeldsynt, med unntak av Pasvik, der fuglen held til regelmessig. Kjerneområdet til tårnseglaren ligg i folkesette område på Austlandet og i Trøndelag der han hekkar i alle typar holrom på bygningar. I byane og tettstadane i dette området finst fuglen talrik. På Vestlandet kan fuglen vere vanleg i somme fjordstrok. Utover mot kysten finst han sjeldnare, men hekkar gjerne i byane. I Pasvik hekkar fuglane i holrom i tre, og er dermed ikkje knytt til folkesetnaden. Truleg hekkar mellom ti tusen og hundre tusen tårnseglarpar i Noreg.
Paret legg 2-3 egg i juni. Rugetida er om lag tre veker. Vêrtilhøva påverkar tilgangen på næring, som igjen avgjer korleis ungane veks. I gode år flyg ungane frå reiret etter om lag fem veker. Dårlege vêrtilhøve kan lenge reirtida med opp til tre veker. Er vêret dårleg går ungane inn i ei slags dvale, der engergibruken er liten. Dei kan då overleve opp til ti dagar utan å verte mata. Foreldra kan flyge langt vekk i slike høve.
Fuglane lever av små flygande insekt og edderkoppar, sokalla luftplankton. I hekketida samlar dei føda i små ballar på om lag eit gram. Dette fôrar foreldra ungane med. Slike ballar kan innehalde meir enn 1000 insekt og edderkoppar.
Tårnseglaren er ein trekkfugl, og ein av dei siste artane som kjem om våren. Dei første fuglane kjem til vanleg i slutten av mai i Sør-Noreg sjølv om ein og annan kjem allereie i slutten av april. Dei fleste kjem til landet dei to første vekene i juni. Hausttrekket startar i september, men dei siste fuglane dreg ofte ikkje frå landet før i november. Vinterkvarteret ligg i det sørlege Afrika. Fuglane flyg sørover om dagen, og då i stor høgde. Er vêret vanskeleg kan større grupper av fuglar finne holrom der dei legg seg tett saman og senkar kroppstemperaturen for å spare energi.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tårnseglar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.