Johan Nordahl Brun Grieg (1.
november">1. november 1902–2. desember 1943) var ein norsk diktar, forfattar og journalist. Han var son av Peter Lexau Grieg (1864–1924), bror av Harald Grieg og ein fjern slektning av Edvard Grieg.
Nordahl Grieg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. november 1902 Bergen |
Død | 2. desember 1943 (41 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, journalist, skodespelforfattar |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening, Sovjetunionens Venner |
Far | Peter Lexau Grieg |
Ektefelle | Gerd Grieg |
Nordahl Grieg på Commons |
Grieg var fødd i Bergen. Han debuterte i 1922 med Omkring Kap det gode Haab. I 1924 kom Skibet gaar videre.
Grieg var kjend som ein sterkt engasjert motstandar av fascismen og positiv til kommunismen, sjølv om han aldri gjekk inn i Norges Kommunistiske Parti eller støtta den politiske verksemda til partiet. Han reiste til Sovjetunionen i 1933 og vart verande i to år, lenge nok til å kunne få kunnskap om Moskvaprosessane som Stalin sette i verk, og som Grieg forsvarte i artikkelen «Dramaet i Moskva» i tidsskriftet Veien frem i februar 1937. I denne artikkelen gjekk han til åtak på åtte norske forfattarar som kritiserte Moskvaprosessane. Prosessane gav òg grunnlaget for romanen Ung må verden ennu være.
Opphaldet i Sovetunionen styrkte interessa Grieg hadde for politikk, og vart byrjinga til eit sterkt anti-fascistisk engasjement. Men overgrepa som gjekk føre seg i Sovjetunionen medan han var der, endra altså ikkje det positive synet han hadde på kommunistregimet i landet. Borgarkrigen i Spania, då opprøraren Francisco Franco vart støtta av Adolf Hitler og Benito Mussolini utan at dei vestlege demokratia kom den lovleg valde spanske regjeringa til hjelp, har truleg hatt mykje å seie for Griegs haldning. Han kan ha sett det slik at storkrigen i Europa var i kjømda, og at dei vestlege demokratia ville kome til å velje den nazistiske sida i denne konflikten. Sumaren 1937 hadde den lovlege spanske regjeringa invitert til ein internasjonal forfattarkongress, og Grieg var i landet og skreiv seinare om opplevingane sine. I reportasjesamlinga Spansk sommer og dessutan òg i romanen Ung må verden ennu være, tok han soleis opp tema frå den spanske borgarkrigen. I reportasjane skildra han livet attom fronten og brutaliteten som høyrde krigen til, og intervjua med militære og sivile leiarar.
Etter den tyske invasjonen i 1940 av Noreg under den andre verdskrigen, kom han seg over til England. Grieg var med på transporten gullet til Norges Bank ut av Noreg, og var med regjeringa Nygaardsvold til Storbritannia. I England vart han utdanna som offiser, og deltok mellom anna som krigskorrespondent på flytokt over Tyskland. På eitt av desse tokta vart flyet skote ned, og Grieg og heile flymannskapet vart drepne. Grieg vart gravlagd i ei massegrav i Tyskland.
Etter den andre verdskrigen vart Grieg halden fram som ein krigshelt. Fleire dikt han hadde skrive, vart mykje bruka under krigen og i tida etter. Det nasjonalpatriotiske diktet 17. mai 1940, som Grieg sjølv las over NRK sin radiostasjon i Tromsø på nasjonaldagen i 1940, vart folkeeige . Det tonesette diktet «Til ungdommen» fekk ny aktualitet og vart mykje sunge under minneseremoniar etter terroråtaka i Noreg 22. juli 2011.
Nordahl Grieg-statuen på austsida av teaetret Den Nationale Scene i Bergen vart avduka den 10. november 1957. Nordahl Griegs veg ved heimstaden hans i oppveksten, er kalla opp etter han.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nordahl Grieg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.