Ein dramatikar er ein forfattar av drama eller dramatisk litteratur, det vil seia manuskript til teaterstykke, film, fjernsyn, radio eller liknande.
Dramatikarar som skriv for film eller fjernsyn blir gjerne kalla manusforfattarar, mens dei som skriv høyrespel kan kallast høyrespelforfattarar. Ein dramatikar samarbeider ofte tett med ein instruktør, regissør og/eller dramaturg undervegs i utviklinga av eit stykke.
Dei fleste dramatiske verk er skrivne spesielt for å framførast av skodespelarar, men kan også vera lesedrama som ikkje er meint for oppføring. Dette kan vera skjønnlitterære forteljingar eller dikt skrivne på ein dramatisk måte, for eksempel med teksten sett opp som replikkar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dramatikar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.