Oscar Wilde

Oscar Wilde (16.

oktober">16. oktober 185430. november 1900) var ein irsk forfattar som verka i London og Paris mot slutten av viktoriatida. Han skreiv forteljingar, skodespel og essay, og éin roman, Bildet av Dorian Gray. Wilde var kjent for sitt vidd og sine skarpe kommentarar, men karrieren og helsa hans blei øydelagde då han blei dømt til fengsel for «gross indecency» (uanstendig oppførsel) på grunn av sine homoseksuelle handlingar.

Oscar Wilde
Oscar Wilde
Pseudonym С.3.3., Sebastian Melmoth
Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Irland
Fødd 16. oktober 1854
Dublin
Død

30. november 1900 (46 år)
Paris

Yrke lyrikar, skodespelforfattar, novelleforfattar, journalist, barnebokforfattar, romanforfattar, skribent, forfattar, prosaforfatter, kommentator, essayist, fabulist
Språk engelsk
Sjanger komedie, gotisk litteratur, dikt, drama, tragedie, eventyr, forteljande lyrikk, roman, novelle, essay
Religion romersk-katolsk
Far William Wilde
Mor Jane Wilde
Ektefelle Constance Lloyd
Born Vyvyan Holland, Cyril Holland
Signatur
Oscar Wilde på Commons
Oscar Wilde
Oscar Wilde

Liv

Oscar Fingal O’Flahertie Wills Wilde var fødd i Dublin, i ein anglo-irsk protestantisk familie. Foreldra var Jane Francesca Wilde, fødd Elgee, ein framgangsrik forfattar og irsk nasjonalist, og Sir William Wilde, ein leiande øyre- og augekirurg som skreiv bøker om arkeologi og folklore.

Wilde studerte klassisk litteratur ved universitetet i Dublin til 1874, og vann Berkeleys gullmedalje for sin innsats. Han fekk eit stipend til universitetet i Oxford, der han studerte vidare til 1878.

Han møtte Constance Lloyd, dotter av den velståande Horace Lloyd, i London, og gifta seg med henne 29. mai 1884. Paret fekk to søner, Cyril (1885) og Vyvyan (1886). Då Wilde-namnet blei knytt til homofili-skandalen tok Constance etternamnet Holland for seg og sønene. Cyril blei drepen i første verdskrigen, men Vyvyan Holland overlevde og blei forfattar og omsetjar. Sonen hans, Merlin, har redigert og gjeve ut fleire verk om bestefaren.

I 1895 vart Wilde dømt til to års tukthus for homoseksualitet, og vart utfrosen av den engelske sosieteten. Straks etter soninga drog han til Frankrike, og vende aldri tilbake til England. I Paris skreiv han Balladen om Reading fengsel, som skildrar tida i fengsel.

Bibliografi

Poesi

  • Ravenna (1878)
  • Poems (1881)
  • The Sphinx (1894)
  • Balladen om Reading fengsel (1898)

Skodespel

  • Vera; or, The Nihilists (1880)
  • The Duchess of Padua (1883)
  • Salomé (Fransk versjon) (1893, fyrst framført i Paris 1896)
  • Lady Windermere's Fan (1892)
  • A Woman of No Importance (1893)
  • Salomé (1894)
  • An Ideal Husband (1895)
  • The Importance of Being Earnest (1895)
  • La Sainte Courtisane og A Florentine Tragedy Fragment. Fyrst publisert i 1908 i Methuens Collected Works

(Datoar er lista etter fyrste framføring)

Prosa

  • The Canterville Ghost (1887)
  • The Happy Prince and Other Stories (1888)
  • The Decay Of Lying (Fyrst gjeve ut i 1889, gjenutgjeve i Intentions 1891)
  • Lord Arthur Savile's Crime and Other Stories (1891)
  • Intentions (1891)
  • Picture of Dorian Gray (1891)
  • A House of Pomegranates (1891)
  • The Soul of Man under Socialism (Fyrst publisert i Pall Mall Gazette, 1891, fyrste utgjeving som bok i 1904)
  • Phrases and Philosophies for the Use of the Young (Fyrst publisert i Oxford-studentmagasinet The Chameleon, desember 1894)
  • De Profundis (1905)
  • The Rise of Historical Criticism (gjeve ut i uferdig form i 1905 og ferdig form i 1908)
  • The Letters of Oscar Wilde (1960, utgjeve igjen i 2000)
  • Teleny or The Reverse of the Medal (Paris, 1893). Er mest sannsynleg skrive av Wilde og fleire av venane hans.

Kjelder

Studia: moderne kunnskap for alle. S-Å. Bertmark Norge AS, 2002 (3. rev. utg) ISBN 82-7624-068-2

Bakgrunnsstoff

Oscar Wilde 

Originaltekst av Oscar Wilde ved Wikisource.

Tags:

Oscar Wilde BibliografiOscar Wilde KjelderOscar Wilde BakgrunnsstoffOscar Wilde16. oktober1854190030. novemberHomofiliIrlandLondonParisViktoriatida

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

RøyslandGro DahleTranePelle PolitibilPeter BoszAliártos-ThespiésCate BlanchettDet finske riksvåpenetFridthjov AnderssenPink FloydUN-nummerMerlionByar i HellasJesusTysklandOlivia RodrigoDen muslimske verdaLastebilHaikuInformasjonsteknologiMaud av NoregInternasjonalenClaus JervellDie WelleTonsillMorfinFrida KahloKrøllalfaLundefugl24. april1968Zinédine ZidaneEirik BrandsdalVevdesignSiderGnuDrivhusgassJohannes Klæbo1955Gro Harlem BrundtlandAdministrativ inndeling i HellasSandnesGarnFurieNorske militære gradarHandball-EM 2002 for mennSamvirkelagMaiken Caspersen FallaNitrogenProfessor emeritusÁjos Konstandínos i FthiótidaJonas Gahr StøreJordskorpeplateMMApeSovjetunionenIf I Were SorryReksteren skuleChampions LeagueDamplokomotivTorstein BaeTsjasiv JarNynorskVefsnmålMólos-Ájos KonstandínosRusslandGoogleSvein Tore MarthinsenPolenFreie Demokratische ParteiGåsRegnskogDet norske flaggetDesta Marie BeederVest-TysklandTidslinje over norsk historieSuraj i Oman🡆 More