Novelle (italiensk novella, 'lite nyhende') er ei stutt forteljing som oftast skildrar eit einskilt hende.
Det finst til dels strenge kriterium for kva som blir kalla ei novelle – det er ikkje nok at ho er kort. Ho skal gjerne vera ei fortetta skildring av éi hending som føregår over eit kortare tidsrom mellom få personar. Ei typisk novelle har ein spaningskurve som stig mot ein topp mot slutten av novella, der ho ofte har eit vendepunkt, ein uventa slutt.
Novellesjangeren blei utvikla i nyare tid av forfattarar som Nathaniel Hawthorne (t.d. Twice Told Tales frå 1842), Edgar Allan Poe (t.d. Tales of the Grotesque and Arabesque frå 1836) og Guy de Maupassant (La Maison Tellier frå 1881). Mot slutten av 1800-talet førte framveksten av tidsskrift og aviser til auka etterspurnad etter korte lesestykke, og novella blei særs etterspurd.
Kjende norske novelleforfattarar er Alexander Kielland, Sigurd Hoel, Nils Johan Rud, Tarjei Vesaas, Johan Borgen, Hans E. Kinck, Cora Sandel, Kjell Askildsen, Hans Herbjørnsrud, Tor Åge Bringsværd, Øystein Lønn, Merethe Lindstrøm og Laila Stien.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Novelle, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.