Viktoriatida

Viktoriatida er ei nemning på den lange regjeringstida til Victoria av Storbritannia.

Ho var regjerande dronning frå 1837 til 1901. Ho var ikkje berre regjerande dronning av dei britiske øyane, men òg for heile det britiske koloniveldet.

Viktoriatida
The Crossing Sweeper av William Powell Frith.
Viktoriatida
Statsminister Benjamin Disraeli rekker Dronning Victoria den indiske krona

For Storbritannia var dette ei stordomstid ein gjerne seinare såg tilbake på med lengt. Landet opplevde sterk økonomisk vekst i samband med industrialiseringa, og nådde toppen av makta si i verda. Dette vert kanskje best symbolisert ved at Victoria gjekk frå å vera dronning av dei ulike landa ho herska over til òg å vera keisarinne av India. Det britiske imperiet var blitt til.

I sjølve Storbritannia utførte ein store byggjeprosjekt, til dømes jarnbanesystemet som framleis er grunnlaget for jarnbanenettet i landet i dag. Den første delen av undergrunnsbanen i London vart òg til i viktoriatida. Trua på kva ingeniørane og andre vitskapsfolk kunne gjera for samfunnet, var stor.

Veksande industri førte til nye busetjingsmønster ved at store mengder fattige flytta til byane for å arbeida i fabrikkar. Fattigdomen deira vart meir tydeleg og kanskje òg meir døyeleg, i og med at dei budde i usunne og tett folkesett slumområde. Samfunnet tok til å interessera seg for desse fattige, og kva som skulle til for å hjelpa dei. Eit typisk viktoriansk syn var at dei var fattige fordi dei ikkje var moralske nok - dei drakk, var late eller skjørlevna. Men det motståande synet vart òg hevda, at dei fattige hadde det slik på grunn av det skeive samfunnet.

Tida er kjent for å ha vore prega av Victoria sitt strenge syn på moralske spørsmål. Særleg kjønnsdrift vart no eit tabuområde som helst skulle undertrykkast og tiast om. Frå dette kjem uttrykket «viktoriansk», som kan brukast til å skildra eit besteborgarleg eller snerpete livssyn.

Kjende personar frå viktoriatida

Viktoriatida 
Fysikarar frå viktoriatida. Frå venstre til høgre Michael Faraday, Thomas Henry Huxley, Charles Wheatstone, David Brewster og John Tyndall

Vitskapsmenn

Forfattarar

Diktarar

Bakgrunnsstoff

Viktoriatida  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Viktoriatida

Tags:

Viktoriatida Kjende personar frå viktoriatidaViktoriatida BakgrunnsstoffViktoriatida18371901KoloniVictoria av Storbritannia

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BjørnKokosmakronGrete Ingeborg NykkelmoElvar i RusslandMidsommarTegan and SaraMadman Across the WaterOxfamSynnøve SolemdalO helga nattManuel Isidoro BelzuSexyØystein SundeMediaWikiFriggVilhelm III av EnglandMøteplassIvar Lo-JohanssonBjørkefinkSvartehavetUrfolkCupvinnarcupfinalen i fotball 1979BloggEndetarmHovudsideStein EriksenMayo ClinicFilippinaneSkalTidslinje over norsk historie1998 TitiusSymraGeorg V av StorbritanniaDen gregorianske kalenderenSudokuDei fire årstideneGunnhild SundliLucas GaúchoGeorg II av StorbritanniaGerd WessigSteve PorcaroFinnskogenMusculus latissimus dorsiKjønnscelleOddaGryteLerkNoregSylvi ListhaugSlåmaskinPeter ŠťastnýBrøytTromsø kommuneKristin SkogheimAspmyra stadionJenny SkavlanListe over primtalEli Kari GjengedalHarald EiaRhinenNasjonalrettPanterAl B. Sure!CountrySandnessjøenHar SedomThe Power to BelieveVitskap i 1881FinnøyEdvard VII av StorbritanniaBjarne BrøndboVictoria av StorbritanniaDoireann Ní BhriainKongsberg GruppenKarriNorges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komitéJesus🡆 More