Père-Lachaise (Cimetière du Père-Lachaise, Cimetière de l'Est) er ein kyrkjegard i Paris, den største i byen og ein av de mest kjende i heile verda.
Kyrkjegarden er om lag 43 hektar stor og vart innvigd i 1804. Her er meir enn ein million graver. Gravplassen er kalla opp etter Ludvig XIV sin skriftefar, jesuittpresten François d'Aix de La Chaise (1624-1709).
Gravplassen vart lagt utanfor bygrensene av dåverande Paris, av lovpålagde helsemessige grunnar. Fyrste åra vart plassen lite nytta. For å auke interessa vart leivningane av Jean de La Fontaine og Molière flytta til Père Lachaise, nok som viste seg å auke bruken mykje.
Mange namngjetne personar, franske så vel som utanlandske er gravlagd på Père Lachaise; Edith Piaf, Oscar Wilde, Camille Pissarro, Marcel Proust, Max Ernst, Frédéric Chopin, Sarah Bernhardt, Jim Morrison og mange fleire.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Père Lachaise, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.