Olivia Isabel Rodrigo (fødd 20.
februar 2003) er ein amerikansk songar, låtskriver og skodespelar.
Ho er kjend for rollene sina som Paige Olvera frå Disney Channel-serien Bizaardvark og Nini Salazar-Roberts frå Disney+-serien High School Musical: The Musical: The Series.
I 2020 skreiv ho kontrakt med Geffen Records og Interscope, og 8. januar 2021 gav ho ut sin første singel, «Drivers License», som toppa hitlistene i fleire land, blant anna i Noreg, der han toppa den norske singellista i fem veker. Singelen oppnådde større suksess i heimlandet hennar, USA, der han toppa Billboard Hot 100 i åtte veker. 1. april 2021 gav ho ut oppfølgjarsingelen Deja Vu. Denne debuterte på 8. plass på Billboard Hot 100, der ho vart den første artisten som debuterte på topp 10 med dei to første singlane sine. I Noreg nådde singelen ein 17. plass. Ei veke før debutalbumet hennar vart gjeve ut, gav ho ut sin tredje singel derfrå, «Good 4 U». Dette vart den andre singelen hennar til å toppa Billboard Hot 100. I Noreg debuterte han på ein 31. plass i veke 20, og klatra opp 30 plassar derfrå til førsteplass den påfølgjande veka.
Den 21. mai 2021 gav ho ut debutalbumet sitt Sour, som debuterte på fyrsteplass i Noreg, Storbritannia og fleire land. Noreg var fyrste land i verda til å motta sertifisering for dette albumet, der det fekk platinaplate allereie fire dagar etter utgjevinga.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Olivia Rodrigo, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.