Kringsatt av fiender, gå inn i din tid! Under en blodig storm – vi deg til strid! Kanskje du spør i angst, udekket, åpen: hva skal jeg kjempe med, hva er mitt våpen? Her er ditt vern mot vold, her er ditt sverd: troen på livet vårt, menneskets verd.
Nordahl Grieg |
«Til ungdommen» (med opningsorda «Kringsatt av fiender») er eit dikt av Nordahl Grieg. Diktet vart skrive i 1936 på oppmoding frå Trond Hegna, som ville ha eit dikt med patos og appell til opninga av Studentersamfundet i 1936, i lys av åtaket Franco hadde gjort på den lovlege regjeringa i Spania.
Grieg skal ha skrive diktet under eit opphald i ei uthamn i Ny-Hellesund i Søgne. Diktet har 14 vers (strofar), kvart på fire korte liner. Otto Mortensen sette tone til diktet seksten år seinare, i 1952. Melodien er skriven slik at eitt vers av songen har åtte liner, og altså omfattar to vers av diktet. I nyare tid er det gjort ei rad innspelingar av Til ungdommen. Kim Larsen gjorde i 1979 songen til ein populær slager i Danmark.
Som allsong er Til ungdommen nytta av mange ulike organisasjonar. Då vert ofte vers 7 og 8 sløyfa. Songen er ofte brukt ved Humanistisk konfirmasjon (tidlegare kalla borgarleg konfirmasjon) i Noreg, og han er sungen 1. og 17. mai. Eit utval vers av songen (vers 1-6, 9-10 og 13-14) er med som nr. 761 i Den katolske salmeboka Lov Herren. Dei same versa av songen vart i 2008 med i framlegget til ny salmebok for Den norske kyrkja. Songen vart mykje bruka ved minnemarkeringane etter terroråtaka 22. juli 2011.
Forfattaren Edvard Hoem gav i 1989 ut ein biografi om Nordal Grieg med tittelen Til ungdommen : Nordahl Griegs liv.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Til ungdommen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.