Audhumbla (òg Audhumla eller Ødhumbla) er ei ku som etter skapingsforteljinga i norrøn mytologi det fyrste vesenet som vert til.
Ho vert nokre gonger kalla «urkua».
Audhumbla vart skapt av dropar frå smeltinga av isen i Ginnungagap. Ho levde av smeltande is frå Nivlheim, og slikka i seg salt ettersom isen smelta i kontakt med den varme lufta frå Muspelheim. Jotunen Yme kom til og levde av mjølk frå urkua sine store jur. Av Yme vart seinare heile verda danna.
Kua lika salt, og ho slikka difor på steinane rundt om i Ginnungagap. Ein av steinane eller saltblokkene viste seg å vera annleis enn dei andre. Fyrste dagen kua slikka på steinen kom eit menneskehår opp av steinen. Andre dagen kom eit hovud og eit andlet fram. Tredje dagen kom heile kroppen ut. Det var ein stor og ven mann som heitte Bure. Frå han stammar dei norrøne gudane, som vert kalla for æsene. Bure vart far til Bor, som saman med Bestla vart far til Odin, Ve og Vilje.
Kua er omtalt i Gylvaginning, ein del av Snorre Sturlasons Den yngre Edda, i tilknyting med Ginnungagap og Yme:
|
|
Audhumbla er ikkje nemnt på nytt i Den yngre Edda, og med unntak av ein omtale i Nafnathulur opptrer namnet ikkje i nokon annan kjelde frå oldtida. Kua er likevel generelt akseptert av forskarane som ein ekte del av norrøn mytologi og er ikkje avvist som eit påfunn av Snorre Sturlason.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Audhumbla, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.