Ei regjering er eit råd under statsoverhovudet i ein stat eller delstat, og som har til formål å utføre det politiske styret, leie den utøvande makta.
Regjeringar blir leia av ein regjeringssjef, som kan vere statssjefen sjølv eller ein annan person (kalla statsminister, premierminister eller liknande). Dessuten består regjeringa av fleire ministrar (statsrådar i Noreg) som kvar vanlegvis leier eit Departement.
Regjeringar blir vanlegvis innsett av statssjefen, og må i parlamentariske system ha tilstrekkeleg støtte i nasjonalforsamlinga.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Regjering, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.