Kim Melius Flyvholm Larsen (fødd 23.
oktober">23. oktober 1945 i København, daud 30. september 2018) var ein dansk songar, songskrivar, gitarist, forfattar og skodespelar med lærarbakgrunn.
Kim Larsen | |||
| |||
Fødd | 23. oktober 1945 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | København | ||
Død | 30. september 2018 (72 år) | ||
Dødsstad | Odense | ||
Fødenamn | Kim Melius Flyvholm Larsen | ||
Opphav | Kongeriket Danmark | ||
Aktiv | 1969–2018 | ||
Sjanger | rock, pop, folkemusikk, vise | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | musikar, songar, skribent, skodespelar, stemmeskodespelar, låtskrivar | ||
Gift med | Liselotte Kløvborg Larsen | ||
Born | Hjalmer Larsen, Sylvester, Lui Larsen |
Larsen var son Eva Flyvholm Olsen og læraren Alfred Larsen. Familien stamma frå Fyn, og Kim vart døypt i Valgmenighedskirken i Kerteminde, der morfaren hans var degn. Kim hadde òg ein eldre bror, Tore. Ekteskapet til foreldra varte til Kim var omtrent fem år gammal. Då forlét foreldra kvarandre. Mora tok med seg ungane og flytta inn i ei lita leilegheit i Mågevej i København. Seinare byrja Kim på Frederikssundsvejens Skole.
Som tolvåring byrja han å spela piano, og på fjortenårsdagen fekk han sin første gitar. Forbileta hans på den tida var artistar som Elvis Presley, Little Richard, Jerry Lee Lewis og Cliff Richard, i tillegg til The Beatles.
Kim Larsen studerte ved Frederiksberg seminarium og arbeidde i åra 1968 og 69 som lærar ved Gerbrandskolen på Amager ved København. Etter kvart bestemte han seg for å verta musikar på heiltid, og danna saman med Franz Beckerlee, Wili Jönsson og Bjørn Uglebjerg rockegruppa Gasolin'. Uglebjerg forlét gruppa og vart erstatta av Søren Berlev i 1971, før Gasolin' gav ut det første albumet sitt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kim Larsen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.