København er hovudstaden og den største byen i Danmark, og har rundt ein halv million innbyggjarar.
I København finn ein det danske folketinget og regjeringa, og her bur òg dronninga. København har alltid vore ein viktig by i dansk historie, sjølv om han ikkje alltid har vore hovudstad. Han er i dag også hovudbyen i Storkøbenhavn, med 1,3 millionar innbyggarar (2016).
København | |||
---|---|---|---|
Nyhavn i København | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land | Danmark | ||
Borgarmeister | Sophie Hæstorp Andersen | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 86,20 km² | ||
Flatevidd - By - Storbyområde | 88 km² 455,61 km² | ||
Innbyggjarar - By (2008) - folketettleik - Storbyområde | 509 861 5 777/km² 1 145 804 | ||
Koordinatar | 55°43′N 12°34′E / 55.717°N 12.567°E | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: Offisiell side | |||
Plassering | |||
København ligg ved Øresund på austkysten av Sjælland, og ein kan sjå over sundet til Skåne i Sverige. Sidan 2000 har han hatt bil- og togsamband med Malmö over Øresundbrua.
Byen blei først berre kalla Havn, Hafnia på latin. Grunnstoffet hafnium er kalla opp etter byen. Namnet Københamn kjem frå Købmandshavn, og det engelske Copenhagen kjem frå Kopenhagen, den plattyske forma av det nye namnet. På norsk har namnet òg vorte skrive Kjøpenhavn, Køpenhamn, Kjøpenhamn og Køpenhavn.
København skal ha vore grunnlagd rundt år 1000 av Svend Tveskæg eller Knud den Store, og var opphavleg eit fiskevær. I 1167 fekk biskop Absalon ansvaret for byen, og bygde si «Borg ved Havn». København låg midt i det danske riket heilt til Danmark tapte Skåne, Halland og Blekinge til Sverige.
København er blitt utsett for åtak og kringsetjing fleire gonger. Hanseatane prøvde fleire gonger å ta byen. Karl X av Sverige kringsette han i 1658-59, men måtte til slutt gje opp. Den britiske og danske marinen hadde eit sjøslag i byhamna i 1801, og i 1807 bomba britane byen for å hindra at den danske flåten skulle hjelpa Napoleon; fleire hundre menneske vart drepne og bygningar vart øydelagde. Under den andre verdskrigen var byen okkupert av tyske styrkar.
Borgarmeister er Frank Jensen (2018).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article København, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.