Emil i Lønneberget er ein av Astrid Lindgrens litterære figurar, ein gut i 8-årsalderen som finn på så mange ugangsstrekar at han er vidkjend for det.
Familien Svensson og arbeidsfolka deira bur på garden Katthult i grenda Lønneberget i Småland. Emil har ei veslesyster, Ida, som har ei eiga sommarvise («Du ska inte tro det blir sommar» som ofte vert songen på skuleavslutningar i Sverige). Den jentungen vart til og med heist opp i ei flaggstong, og det er den typen tiltak som får far til borna til å verte rasande og jage sonen skrikande «EEEEEEMIIIL, din förgrymmande unge!» til denne får låst seg inne i snikkarbua. Sjølv om det finst det ein song. Faren er vel knappast den som er Emils mannlege førebilete, det er det snarare drengen Alfred som er. Mor til Emil er den som skriv ned forteljingane.
Emil var far til Astrid Lindgren, Samuel August, sin favoritfigur, noko som ikkje er så rart, då han og Emil var born i same tidsperiode og område. Ho har skildra det slik:
Ein del av det som det står om i bøkene om Emil er sånt som Astrid har høyrt Samuel August fortelje om.
Bøkene om Emil i Lønneberget er illustrerte av Björn Berg.
Filmane om Emil vart regiserte av Olle Hellbom.
Den svenske Wiki Arkivert 2005-03-27 ved Wayback Machine.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Emil i Lønneberget, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.