Ei grønsak er ein plantedel som blir brukt til mat, hovudsakleg for å metta og ofte etter å ha blitt varma.
Når ei plante avlar grønsaker, omtalar vi gjerne også heile planta som «grønsak». Ordet grønsak viser til ulike matvarer som vi bruker på same måte. Dermed kan det variere litt kva slag planter ein reknar som grønsaker. Oversikta nedanfor viser kva for planter og plantedelar som oftast blir omtala som grønsaker, og korleis desse kan grupperast innan botanikken.
|
|
Dei plantane som vi refererer til som grønsaker er meir eller mindre saftige plantedelar frå hovudsakleg eitt- til toårige vekster.
I praktisk språkbruk blir poteter ofte ikkje rekna som ei grønsak, ettersom poteta i Noreg er ein vanleg attåtrett som høyrer med til mange slag måltid. På liknande vis er silda ofte ikkje teke med i den generelle nemninga «fisk».
Ting som liknar på grønsaker er søte frukter, bær og sopp. Dei fleste kornslaga blir ikkje rekna som grønsaker, men mais kan vera eit unntak.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Grønsak, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.