Selleri (Apium graveolens) er ein toårig plante i skjermplantefamilien som blir brukt som grønsak.
Hageselleri | |
Hageselleri | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Skjermplanteordenen Apiales |
Familie: | Skjermplantefamilien Apiaceae |
Underfamilie: | Apioideae |
Stamme: | Apieae |
Slekt: | Sellerislekta Apium |
Art: | Hageselleri A. graveolens |
Vitskapleg namn | |
Apium graveolens |
Hageselleri finst i to hovudtypar; knollselleri der ein bruker rota og stangselleri der ein bruker stilk og blad.
Selleri har også vore brukt som medisinplante.
Nokre menneske har allergi mot selleri, og kan risikera eit livstruende anafylaktisk sjokk om dei får det i seg.
Selleri er ein næringskrevjande art. Han blir inntil 1 m høg, og har sterk lukt. Blada er mørkegrne, grove og finnete blad. Blomane er små og kvite blomster og veks i skjerm.
Rotselleri, sellerirot eller knollselleri (Apium graveolens var. rapaceum) har ei stor, knollforma, knudra og lysebrun rot med sprøtt, kvitt fruktkjøt. Denne rota blir mykje brukt i supper og liknande, men kan også bakast, steikast eller etast rå og riven.
Stangselleri, bladselleri eller stilkselleri (Apium graveolens var. dulce) har tjukke, kjøtfulle bladslirer og -stilkar med lite utvikla karstrengar. Denne delen av planten blir ofte eten rå, men kan også varmebehandlast.
Tidlegare blei bladstilkane kunstig bleika medan dei vaks. Nokre sellerisortar er delvis sjølvbleikande, kjend som bleikselleri. I dag føretrekk ein som regel grønstilka sortar.
Selleri er ein gammal kulturplante som var kjend i det gamle Egypt. Selleri veks også vilt langs kysten av Europa, og finst forvilla på stader i Noreg med mildt klima.
Som medisinplante blei eddik kokt på rota drukkt mot steinsmerter, safta mot kolikksmerter, og eit plaster laget av safta blei lagt på for ryggverk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Selleri, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.