Ole Gunnar Solskjær (fødd 26.
Denne artikkelen treng oppdatering. |
februar">26. februar 1973 i Kristiansund) er ein tidlegare norsk fotballspelar mest kjend som spelar for Manchester United F.C. frå 1996 til 2007. Han har jobba som fotballtrenar for Molde Fotballklubb sidan januar 2011.
Ole Gunnar Solskjær | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. februar 1973 (51 år) Kristiansund kommune |
Idrett | fotball |
Tok del i | |
Utmerkingar | Olavstatuetten, Peer Gynt-prisen, Kniksenprisen for årets trener, Årets Kniksen, Kniksens hederspris, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden |
Solskjær debuterte for Clausenengen som 17-åring. For Clausenengen laga han 115 mål på 109 kampar. Siste året i Clausenengen i 2. divisjon skora han 31 av laget sine 47 mål, før han vart henta av Åge Hareide og Molde i 1994 for 200 000 kr. Solskjær skora 21 mål for Molde første året i klubben og vart òg teken ut i landslagstroppen. Etter halvtanna år i Molde vart han henta av Alex Ferguson til Manchester United, der han spelte frå 1996/97-sesongen til 2007/2008-sesongen. Totalt skora han 115 mål på 329 kampar for Manchester United.
I 1999 avgjorde Solskjær Champions League-finalen mot Bayern München då han sette inn vinnarmålet to minuttar på overtid.
27. august 2007 la Solskjær opp grunna kneskader. Kneskaden har vore under operasjon sju gonger. Solskjær spelte til saman 67 landskampar og skora 23 mål for Noreg.
Solskjær har no starta som fotballtrenar i Molde Fotballklubb, der han har gjort ein svært god sesong til noverande tidspunkt.
Klubb | Kampar | Mål | Tidsrom |
---|---|---|---|
Clausenengen | 109 | 115 | 1990-1994 |
Molde FK | 42 | 31 | 1994-1996 |
Manchester United F.C. | 366 | 126 | 1996 - 2007 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ole Gunnar Solskjær, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.