Kong Harald V av Noreg er kongen av Noreg sidan 1991.
Harald var kronprinsregent frå mai 1990, då far hans var sjuk. Den 17. januar 1991 døydde kong Olav, og Harald vart då ny konge. Han vidareførte valspråket til faren og farfaren sin, «Alt for Norge». Lik faren sin vart han signa i Nidarosdomen i Trondheim.
Harald V av Noreg | |||
| |||
Fødd | 21. februar 1937 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Skaugum | ||
Gift med | Sonja av Noreg | ||
Dynasti | Huset Glücksburg (Norge) | ||
Motto | «Alt for Norge» | ||
Far | Olav V av Noreg | ||
Mor | Märtha av Noreg | ||
Born | Märtha Louise av Noreg, Haakon Magnus av Noreg |
Kongen er øvste leiaren for Den norske kyrkja og øvstkommanderande for den norske hæren.
Kong Harald vart fødd på Skaugum den 21. februar 1937 som son av kronprinsparet Olav og Märtha. Han har to eldre søstrer, prinsesse Ragnhild fru Lorentzen og prinsesse Astrid fru Ferner. Harald V høyrer til det nordtyske fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg.
Under Den andre verdskrigen flykta kronprinsesse Märta med dei tre barna til Sverige og sidan til USA, der dei budde i Washington, D.C. til krigen var over.
Då prinsen kom tilbake til Noreg, gjekk han på Smestad skule, der ei politivakt i gangen var det einaste som skilde han frå dei andre skulebarna.
Etter at han fekk artium gjekk prins Harald inn i militæret, først på Kavaleriets befalsskule og sidan på Krigsskulen, der han vart uteksaminert i 1959. Deretter drog han til Balliol College i Oxford der han studerte historie, samfunnsvitskap og økonomi.
Då kong Haakon VII døydde den 21. september 1957 blei prins Harald kronprins. Han møtte til statsråd, og opptredde som regent når kong Olav var vekke, første gong i 1958.
Kronprinsen gifta seg den 29. august 1968 med Sonja Haraldsen, som no er dronning Sonja. Dei to hadde kjent kvarandre i ni år, men det at ho kom frå borgarskapet og altså ikkje var adeleg vart då sett på som eit problem. Etter at kong Olav hadde rådspurd regjeringa og ulike stortingsleiarar, fekk dei to lov til å gifta seg.
Paret fekk borna Märtha Louise av Noreg og Haakon Magnus av Noreg i høvesvis 1971 og 1973.
Harald byrja å segla i ti-årsalderen og har halde denne interessa ved like sidan. I 1964 deltok han i Dei olympiske leikane i Tokyo, og i 1987 vart han og mannskapet på «Fram X» verdsmeistrar i segling for eitt-tonnarar. I 2005 tok kongen og mannskapet på «Fram XV» gull i EM i Sverige.
Kong Harald er innehavar av ei lang rekkje ordnar, mellom anna St. Olavs Orden.
Meisterskap | 1964 | 1968 | 1972 | 1974 | 1984 | 1987 | 1988 | 2005 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Sommar-OL | 7 | 11 | 10 | |||||
Verdsmeisterskapen | ||||||||
Europameisterskapen |
Kongen er innehavar av følgjande norske og utanlandske ordenar, medaljar og dekorasjonar. Oversikta er basert på Kongehuset si liste over dekorasjonar.
Norske dekorasjoner
| Utanlandske dekorasjonar
|
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Harald V av Noreg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.