Bønne

Bønne (norrønt baun, i eldre nynorsk rettskriving bauna eller baune) er ei nemning for frø, skolmer eller planter i bønneslekta (Phaseolus) og nærskylde slekter i erteblomfamilien.

Bønner er belgfrukter som dannar ei viktig matkjelde for menneske. Hagebønne (Phaseolus vulgaris) er ei utbreidd matbønne som det finst mange variantar av. Andre utbreidde bønner er prydbønner (Phaseolus coccineus), mungbønner (Vigna radiata), soyabønner (Glycine max) og hestebønner (Vicia faba).

Bønne
Seks ulike bønnetypar.

Bønner blir brukte i ei rekkje matrettar, som stuingar, salatar og som snacks. Dei kan etast ferske eller tørkast og lagrast. I moderne tid er også hermetiske bønner blitt vanlege. Spira bønner kan etast som bønnespirer. Også blada kan nyttast til føde.

Bønner inneheld mykje protein, oligosakkarid, folat og jern, i tillegg til å ha mykje kostfiber. Ein del bønner inneheld fytohaemagglutinin, ein type lektin som kan ha negativ helseeffekt. Koking over ei viss tid er nødvendig for å bryta ned dette lektinet. Oligosakkarid som raffinose og stakyose blir ikkje brotne ned ved hjelp av enzym i mennesketarmen, men av bakteriar. Eit biprodukt av denne meltinga er gassar som medfører flatulens (luft i magen). Sidan sukker løyser seg opp i vatn kan ein redusera oligosakkarida og den påfølgjande flatulensen ved å hella ut vatnet som bønnene er blitt kokt i. Ein annan metode er fermentering, ettersom gjæren då vil eta opp mykje av oligosakkarida.

«Bønne» kan òg visa til frø som liknar ei bønne, til dømes kaffibønner, kakaobønner og vaniljebønner.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Bønne  Commons har multimedium som gjeld: Bønne

Tags:

BelgfruktErteblomfamilienHagebønneHestebønnePrydbønneSoyabønne

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LønnKvadratkilometerTaleMenneskeForelskingVendlandRussenorskTørkeTongaWikimediaTherese BjørneboeInternasjonal telefonkodeAustraliaSosialismeElbaWikipediaSylvi ListhaugRimLuftfartøyAnimismeSinaihalvøyaPanserbataljonenNederlandskBengaltigerFree Fallin'Demi LovatoMrs. RobinsonStøytionisasjonEselMariann Vestbøstad MarthinsenSola kommuneISO 4217Communist Party of Great BritainKaliumnitratJohn P. HammondKommunismeNeville ChamberlainSamisk språkhistorieNasjonaldrikkAntarktisSkigardsviseFrozenAusterrikeAegisChampions LeagueSørøya i FinnmarkBobby BarePogóniSandnessjøenNero av RomarriketAnita O'DaySkypeVinter-OL 1988InformasjonsteknologiBukspyttkjertelenDaniel RadcliffeBieGeologiSvenske folkeeventyrHenry LawsonSymbolKaspihavetDu FuSverigeHaugtussaGoogle ChromeJesusAnagramAdei AdJohann Sebastian BachInca Garcilaso de la VegaHydrogencyanidAleksandr RagulinKjerringa med stavenHarald V av Noreg🡆 More