Erter eller hageert (Pisum sativum) er ein art i erteblomsterfamilien som vert nytta som mat og dyrefôr.
Erter | |
Erter | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Erteblomordenen Fabales |
Familie: | Erteblomfamilien Fabaceae |
Underfamilie: | Faboideae |
Stamme: | Fabeae |
Slekt: | Pisum |
Art: | Erter P. sativum |
Vitskapleg namn | |
Pisum sativum |
Erter vert òg dyrka for å forbetra jordsmonet og som prydplante. Planten har mange ulike kultivarar, som sukkererter, margerter og pillerter.
Erteplanten har typisk kvite blomar som sit parvis saman i bladhjørna. Frøa (ertene) er grøne eller gule. Dei ligg i rader inni belgar (erteskolmar) som gjerne er grøne og kan vera flate eller rundlege på form.
Arten er ei gamal kulturvekst og det er gjort historiske funn som syner at erter har vore dyrka i minst 10000 år. I samband med arkeologiske utgravingar i palasset til Kong Priamos av Troja vart det funne ei krukke med over 180 kg erter, som heldt seg fint i 3000 år. I Burma har ein, ved hjelp av karbon-14-metoden, datert erter til ein alder på 9770 år.[treng kjelde]
Erter kan haustast før eller etter at frøa er mogne. På nokre typar kan ein eta både frø og belg, men som oftat reinser ein dei ved å ta ertene ut av belgen. Ertene kan etast ferske, kokte, steikt eller stua. Dei kan også hermetiserast. Nokre rettar ein kan laga av erter er erterstuing, ertesuppe og ertekål. Dei kan også vera tilbehøyr til mange ulike hovudrettar, til dømes som russiske erter.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Erter, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.