Asparges (Asparagus officinalis) er ein planteart i aspargesfamilien.
Asparges | |
Asparges | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Framandart med låg risiko | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Aspargesfamilien Asparagaceae |
Underfamilie: | Asparagoideae |
Slekt: | Aspargesslekta Asparagus |
Art: | Asparges A. officinalis |
Vitskapleg namn | |
Asparagus officinalis |
Han er ein urteaktig fleirårig plante i aspargesslekta. Dei nye skota om våren blir brukt som grønsak.
Aspargesplanten veks naturleg i det meste av Europa, nordlege Afrika og vestlege Asia. I Noreg er asparges ein framandart som vart innført som matplante i alle fall frå 1600-talet. Han vart først funnen i norsk natur midt på 1800-talet. Asparges er no nokså vanleg langs kysten frå Østfold til Kristiansand og er der fullt naturalisert. Han finst ellers vidare langs kysten spreidd til Nord-Trøndelag og svært spreidde stader i innlandet austafjells. Arten var ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018, men i 2023 er han vurdert med potensielt høg risiko (PH).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Asparges, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.