Haukefamilien: Familie av haukefuglar

Haukefamilien, Accipitridae, er den store biologiske familien i ordenen Accipitriformes, haukefuglar.

Haukefamilien
Kongeørn
Kongeørn
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Haukefamilien Accipitridae
Vieillot, 1816

Den andre store gruppa av rovfuglar er ordenen Falconiformes, falkefuglar. Haukefamilien samlar små til store fuglar med sterkt bøygd nebb og morfologi varierande med diett. Dei lever av ei rekkje byttedyr frå insekt til mellomstore pattedyr, mange et på åtsel og eit par beitar på frukt. Accipitridae har ei kosmopolitisk utbreiing, som finst på alle kontinent unntatt Antarktis og på ei rekkje øygrupper til havs. Nokre artar er trekkfuglar.

Mange kjende fuglar som haukar, ørner, glentar, kjerrhaukar og gribbar er inkludert i denne gruppa. Fiskeørn er vanlegvis plassert i ein eigen familie (Pandionidae), likeins sekretærfugl i Sagittariidae. Kondorar, familien Cathartidae, er vanlegvis no betrakta som sin eigen orden.

Morfologi

Haukefamilien: Morfologi, Føde, Systematikk 
Portrett av ei kvithovudørn viser det kraftige bøygde nebbet og cere som dekkjer nebbrota.
Foto: Adrian Pingstone

Haukefamilien er ein mangfaldig familie der artane har stor variasjon i storleik og form. Dei varierer i storleik frå små perleglente og dverghauk, som begge er 23 centimeter i lengd og veg ca. 85 gram, til munkegribb, som måler opp til 120 cm og veg opptil 14 kg. Inntil 1300-talet vart jamvel munkegribb forbigått av den utdøydde Haast's Eagle (Harpagornis moorei) på New Zealand, som er estimert til å ha målt opp til 140 cm og vog opp til 20 kg. Dei fleste i haukefamilien viser kjønnsdimorfisme i storleik, men uvanleg for fuglar er det hoene som er større enn hannane. Denne kjønnsskilnaden i storleik er mest tydeleg blant aktive artar som jaktar fugl, som Accipiter-haukar, der skilnaden i storleik i gjennomsnitt er 25-50 %. Blant eit fleirtal av artar er skilnaden mindre, vanlegvis mellom 5 % til 25 %. Blant åtseletande gribbar og snigeletande glentar, er skilnaden nesten ikkje-eksisterande.

Nebbet på fuglar i haukefamilien er kraftige, bøygde, nokre gonger ekstremt bøygde, som hos kroknebbglente eller snigelglente. Nokre artar har eit hakk eller «tann» i sidekanten av overnebbet. Oversida av nebbrota er dekt av ein kjøttfull membran kalla «cere» som vanlegvis er gul i farga. Artar som jaktar store pattedyr har tjukk og sterk tars, og slangeørner har tjukke skjel for å verne mot bitt.

Fjørdrakta blant Accipitridae kan vere slåande, men er sjeldan i lyse farger, dei fleste fuglane er i kombinasjonar av grått, gulbrunt og brunt. Men alt i alt er fargene bleikare på undersida slik at dei blir mindre iaugefallande mot himmelen sett nedanfrå. Det er sjeldan ulikskap i fjørdrakta mellom kjønna, og når det skjer er hannane lysare enn hoene eller hoene liknar ungfuglar. Blant mange artar har ungfuglar ein distinkt, ulik fjørdrakt. Fleire artar har fjørtopp brukt til signalering, og sjølv artar utan toppar kan heve fjører på krona når dei blir skremt eller opphissa. I kontrast til dette har dei fleste gribbar heilt nakne hovud utan fjører. Det trur ein hindrar tilsøling på fjører når dei beita på kadaver, og det hjelper i termoregulering.

Sansane hos Accipitridae er tilpassa jakt eller kadavereting, og dei har eit særmerkt godt syn. Synet blant nokre haukar og ørner er opp til 8 gonger betre enn hos menneske. Store auge med to fovea gjev kikkertsyn og eit «haukauge» for vurdere rørsler og avstand. Auga er røyrforma og kan ikkje røre seg mykje i augehola. I tillegg til utmerkt syn, har mange artar òg utmerkt høyrsle, men i motsetnad til hos ugler er synet vanlegvis den viktigaste sansen som blir brukt til jakt. Høyrsle kan brukast til å lokalisere byttedyr skjult i vegetasjonen, men synet blir likevel brukt til å fange byttedyret. Generelt har fuglar i haukefamilien ein dårleg luktesans, sjølv gribbar gjer ikkje bruk av luktesans for å finne åtsel, i motsetnad til kondorane i Amerika.

Føde

Haukefamilien: Morfologi, Føde, Systematikk 
Som fruktetar er palmegribb uvanleg i haukefamilien, men vil òg ta fisk, spesielt daud fisk
Foto: Tom Tarrant
Haukefamilien: Morfologi, Føde, Systematikk 
Shikrahauk i Hyderabad, India
Foto: J.M.Garg
Haukefamilien: Morfologi, Føde, Systematikk 
Orientvepsevåk, Pernis ptilorhynchus, hannfugl i Haryana, India
Foto: J.M.Garg

Medlemmer i haukefamilien er hovudsakleg predatorar, og dei fleste artane jaktar aktivt. Bytet blir vanlegvis fanga og drepe med dei kraftige klørne og deretter rive i stykkar med nebbet til for eksempel føde til ungar. Eit fleirtal i haukefamilien er opportunistiske rovdyr som vil ta eventuelle byttedyr som dei kan drepe. Men dei fleste har ein preferanse for ein bestemt type byttedyr som til dømes at kjerrhaukar og våkar tenderer mot å ta små pattedyr som gnagarar, og at Accipiter-haukar tenderer mot å jakte andre fuglar. Dei fleste artane vil supplere kosten med kjøt frå friskt åtsel, men sjølvsagt er ingen så spesialiserte med dette som gribbane. Nokre artar kan opportunistisk ete på frukt, og hos ein art, palmegribb, dannar frukt største delen av kosthaldet. Dei fleste artane vil ikkje ete plantemateriale. Rundt 12 artar lever av utelukkande insekt, 44 andre artar tar insekt i stor mengd, og mange andre tar insekt ved høve. Dietten til vepsevåkar inkluderer ikkje berre insekt som kvefs og bier, men òg honning og vokskaker frå bolet. Snigelglente og kroknebbglente er spesialistar på å ete sniglar. «Ørner» er fleire rovfuglartar som ikkje nødvendigvis er nært nærskylde, men kan vere breitt definerte av storleik og av at dei tar av typisk større byttedyr, inkludert mellomstore pattedyr og større fuglar. Dei fleste artane åtek byttedyr mindre enn dei sjølve. Likevel har einskilde artar vorte registrerte i flukt med byttedyr i klørne litt tyngre enn seg sjølve, ein prestasjon som krev stor fysisk styrke. Haliaeetus-havørner og fiskeørn føretrekkjer i hovudsak å jakte på fisk, fisk gjev ut for meir enn 90 % av føda for dei to sistnemnde slektene. Store artar i familien kan tidvis supplere dietten med andre akvatiske dyr enn fisk. Bazaer i Perninae og skoghaukar i slekta Accipiter kan ta reptil frå tre, medan andre artar jaktar reptil på bakken. Slangar blir spesielt mat for slangeørner og snokørner av slektene Circaetus, Spilornis og Dryotriorchis.

Systematikk

Oversyn slekter og artar

Nolevande artar i haukefamilien i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Namn på underfamiliar og stammar er etter HBW and BirdLife International illustrated checklist of the birds of the world.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Haukefamilien MorfologiHaukefamilien FødeHaukefamilien SystematikkHaukefamilien KjelderHaukefamilien BakgrunnsstoffHaukefamilienAntarktisArtBiologisk familieBiologisk ordenByttedyrFalkefuglarFruktFuglarHaukefuglarInsektKontinentKosmopolitisk utbreiingNebbPattedyrRovfuglarTrekkfuglarÅtsel

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Dag RiisnæsOppland fylkeTanzaniaVoilà av Barbara PraviHandball-EM 2002 for mennFlorøDei fem K-ane i sikhismenAtenRagnhild BrochmannTettstader i RogalandOkhotskhavetHuaoraniarJakob II av EnglandKaména VoúrlaVengSauMoskvaPlantarSigmaEto Ne LjubovRagnar LodbrokSola kommuneFemøringProsaSveitsMoldedialektHumleFreddie MercuryErik AndersenMaliSamisk musikkYosef Wolde-MariamLungebetennelseIALA maritime bøyesystemOlivia RodrigoHenrik IbsenVår StaudeFirenzeJonsereds Fabrikers ABUrfolk i USADet norske husJohn Churchill, 1. hertug av MarlboroughDet indiske kastesystemetMerlionStorfuglHol kommuneTraneCysteSagaen om IsfolketJonas Gahr StøreRundiKopparBosnia-Hercegovina45 av KinoE85TreeiningaDesta Marie BeederBrennverdiOperahuset i OsloZinédine ZidaneJerpeAtle HansenPink FloydMartha SkrettebergIndiaKnut Marius DjupvikRafaelCarl LarssonAmerikakoffertMoses2002Eli Kari GjengedalVictoria av SverigeNazistVladimir PutinHarrHund🡆 More