Fiskeørn: Art av haukefuglar

Fiskeørn (Pandion haliaetus) er den einaste medlemmen i familien fiskeørnar (Pandionidae).

Fiskeørn
Fiskeørn klar til å stupe etter fangst
Fiskeørn klar til å stupe etter fangst
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU SårbarUtbreiinga av fiskeørn
Utbreiinga av fiskeørn
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Fiskeørnfamilien Pandionidae
Slekt: Fiskeørner Pandion
Art: Fiskeørn P. haliaetus
Vitskapleg namn
Pandion haliaetus

Ho er ein mellomstor rovfugl som lever nesten berre av fisk som ho tek i vassoverflata. Fiskeørna finst på alle kontinentajorda unnateke Antarktis. I Sør-Amerika lever ho som trekkfugl som ikkje hekkar.

Utsjånaden gjer at fuglen er lett å identifisere. Ørna har ljos (nesten kvit) underside med tydeleg markerte mørke «knokar» ved framkanten til vengene, svart nakke og overside av vengene.

Fiskeørna er veltilpassa levesettet sitt, med yttertær som vender bakover, nasebor som kan stengjast, og kvasse klør som hjelper ho til å halde fast fanga bytte. Når byttet er fanga, blir det alltid halde med hovudet framåt, så luftmotstanden skal vera minst mogleg.

Skildring

Fiskeørn: Skildring, Bilete, Kjelder 
Fiskeørn med fisk.
Foto: Michael L. Baird
Fiskeørn: Skildring, Bilete, Kjelder 
I flukt, over Lake Wylie I Sør-Carolina.
Foto: Gareth Rasberry

Fiskeørna veg mellom 0,9 og 2,1 kg, har kroppslengd på 50-66 cm og eit vengespenn på 127-180 cm. Underartane er nokså likeins i storleik. Oversida er gråbrun, medan brystet er kvitt og nokon gonger smykka med brunt, undersida er rein kvit, undersida av vengene har svarte teikningar og halen har fine tverrband. Hovudet er kvitt med ei mørk maske over auga, maska når ned til sidene av halsen. Auga har gyllen til brun iris, og den gjennomsiktige blinkhinna er bleik blå. Nebbet er svart, med ein blå ceres, og føtene er kvite med svarte klør. Den relativt korte halen, lange, smale venger med fire lange, fingerliknande fjører, og ei kortare femte, gjev fiskeørna ein veldig karakteristisk utsjånad. I flukt har fiskeørna bende og litt hengjande venger.

Kjønna ser like ut, men vaksne hannar kan skiljast frå hoa ved at han har slankare kropp og smalare venger enn hoa. Brystbandet på hannar er òg svakare enn hos hofuglar, eller er fråverande, og dekkfjører på undervengen hos hannar er jamt bleikare. Det er enkelt å avgjere kjønn på eit ynglande par, men vanskelegare med individuelle fuglar.

Ein kan kjenne juvenile fiskeørner på brungule fjørfrynsar på oversida, ein brungul tone på undersida, og stripa fjør på hovudet. Seinare på året, når fjører på oversida har fått slitasje, vil tverrstriping på undervengene og vengfjørene vere beste indikator for ein ung fugl.

Lætet, lokkelyd, er ein serie av skarpe fløytetonar, skildra som «pjypp, pjypp, pjypp»; varsellætet er eit skarpare «kju, kju, kju,». Ved kurtise i flukt eit klagande, pipande «y-ilp y-ilp y-ilp»!

Distribusjon og habitat

Fiskeørna er den nest mest utbreidde rovfuglarten globalt, etter vandrefalk. Ho har verdsomspennande distribusjon og finst i tempererte og tropiske regionar på alle kontinent unntatt Antarktis. I Nord-Amerika hekkar ho frå Alaska og Newfoundland sør til gulfkysten og Florida, ho overvintrar lenger sør, i området frå det sørlege USA ned til Argentina. Ho lever sommarstid i heile Europa nord til Storbritannia, Irland, Skandinavia, Finland, men ikkje på Island. I Australia er ho hovudsakleg standfugl og finst stadvis rundt kysten, og ho er berre vitjande til austlege Victoria og i Tasmania utan å hekke der. Ho finst òg på Bismarckarkipelet, Salomonøyane og Ny-Caledonia, fossil er funne på Tonga, der ho sannsynlegvis vart utrydda av menneske. I alle delar av Sør-Asia er ho ganske vanleg vintervitjar, likeins i Søraust-Asia frå Myanmar gjennom Indokina og sørlege Kina, Indonesia, Malaysia og Filippinane.

    Trekk

Europeiske hekkefuglar overvintrar i regelen i Afrika. Europeiske fuglar kan òg overvintre i Sør-Asia, ei fiskeørn ringmerkt i Noreg vart funnen att i vestlege India. Nordamerikanske hekkefuglar trekker til Sør-Amerika, sjølv om nokre oppheld seg i dei sørlegaste statar av USA som Florida og California. Nokre fiskeørnar frå Florida migrerer til Sør-Amerika. Vanlegvis migrerer ikkje fiskeørnene som hekkar i Australasia.

Åtferd og økologi

Fiskeørn: Skildring, Bilete, Kjelder 
Førebur seg på å pare seg på reiret
Foto: Matt edmonds

Fisk gjer ut for 99 % av dietten for fiskeørner. Synet er godt tilpassa til å oppdage byttet under vatn frå lufta, fiskeørna kan få auge på fisken frå ei høgd på 10-40 meter over vassflata, så svevflyge ei kort stund før ho stuper og grip byttet med føtene først ned i vatnet. Fiskeørna er spesielt godt tilpassa denne fangstmetoden, med vendbare ytre tær, naseborer som kan lukkast for å halde vatnet ute under dukk, og bakovervende skjel på klørne fungerer som mothakar for å hjelpe halde fangsten fast.

Nokre gonger kan fiskeørna fangste på gnagarar, amfibium og fuglar, og på små krypdyr.

Fiskeørna hekkar nær innsjøar og elver, og nokon gonger ved brakkvatn. Reiret er ein stor haug som kan vere bygd av kvistar, drivved og tang i forgreiningar på tre, på knausar, telefonstolpar, på holmar eller kunstige plattformar i vatn. Vanlegvis blir fiskeørna kjønnsmoden og byrjar å hekke rundt ein alder av tre til fire år. Viss det ikkje er eigna hekkeplassar tilgjengelege, kan unge fiskeørner tvingast til å utsetje hekkinga.

Fiskeørna dannar vanlegvis par for livet. Hekkesesongen varierer med breiddegraden. Dei nyklekte ungane veg berre 50-60 gram, men blir flygedyktige etter 8-10 veker. Den typiske levetida er 7-10 år, men einskildindivid kan leve i 20-25 år. Den eldste europeiske ville fiskeørna ein kjenner til levde i over tretti år.

Status og vern

Fiskeørn: Skildring, Bilete, Kjelder 
Ein juvenil på ein kunstig reirplass
Foto: Flickr-brukar stevehdc

På slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet var dei viktigaste truslane mot fiskeørnpopulasjonar eggsamlarar og jegerar, samt andre rovfuglar, men bestanden fall drastisk i mange område på 1950- og 1960-talet. Dels syntest det vere grunna dei toksiske effektane av insektmiddel som DDT. Plantevernmiddel forstyrra kalsiumetmetabolismen, det resulterte i tynt eggskal, og dermed lett øydelagde eller ubefrukta egg. Moglegvis på grunn av forbod mot DDT i mange land frå tidleg på 1970-talet, saman med redusert jakt, har både fiskeørn og andre påverka rovfuglartar hatt monaleg oppgang i bestandar. I år 2021 blei fiskeørn oppgradert frå kategorien nær truga til sårbar (VU) på den norske raudlista for artar.

Underartar

Underartar etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013

Bilete

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Fiskeørn: Skildring, Bilete, Kjelder  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Fiskeørn

Tags:

Fiskeørn SkildringFiskeørn BileteFiskeørn KjelderFiskeørn BakgrunnsstoffFiskeørnAntarktisFiskJordaKontinentRovfuglSør-AmerikaTrekkfugl

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KamerunRolf WiderøeMediaWikiPláka DílesiBitcoinSymbol i hinduismenLeikanger kommuneChristmasøyaLewis CapaldiProgrammeringsspråket JavaJeff KinneyTraktorIf I Were SorryKrøllparentesCanadaMarihøneBeltaneRomandieC++Offisielt språkSola kommuneKonfutseChampions LeagueSørøya i FinnmarkStolt henrikLohengrin sjokoladeERusslandKolonialhandelMatrjosjkaDei sameinte arabiske emirataSirkelBodø kommuneFlorøElvis PresleyQurayyat i OmanViotíaVKyle WalkerLAdministrativ inndeling i HellasGrand CanyonHol kommune2019MjøsaKristopher SchauChristianiaCubaHuaoraniarBrusselVefsnmålSara SkjoldnesIngvild KjerkolTønsberg kommuneKalkulusPandaArne SørliKvam heradArminianismeGeorg Wilhelm Friedrich HegelPlaneten JupiterEnglandOrkhomenósKorrespondentJenny KlingeOrTanjung MorawaVengMalignitetMicrosoft WindowsO helga nattKaspihavetNynorsk WikipediaAnimeUSAPlantarBergen kommune🡆 More