Amfibium eller padder er firbeinte eller sekundærte beinlause dyr som lever både på land og i vatn og manglar amniotiske egg.
Amfibium | |
Ei padde | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Amfibium Amphibia Gray, 1825 |
Dei er vekselvarme, det vil seie at kroppstemperaturen er avhengig av omgjevnadane, og er i stand til å pusta over kroppsflata. Det er beskrive rundt 6000 nolevande artar, mange sterkt truga av utrydjing. Amfibia omfattar froskar, padder, salamandrar og ormeamfibium.
Dei første store amfibiegruppene utvikla seg i devontida frå ferskvasslevande kvastfinnefisk (eller lungefisk?) med finnar omdanna til bein. Fleire artar på denne tida kunne bli fleire meter lange, noko berre særs få japanske salamandrar gjer dei etter i dag. Me reknar me at desse dyra erobra landjorda for å unngå å bli jakta på, men dei møtte òg eit par utfordringar der oppe: Dei hadde korkje vasstett skinn eller vasstette egg, og hovudføda deira var framleis i vatnet.
I karbontida flytta amfibia seg opp i næringskjeda og fekk ei rolle som tilsvarar den krokodillane har i dag. Dei åt både store insekt, som levde på land, og fisk som levde i vatn. Gjennom permtida og tidleg trias vart dei derimot utkonkurrerte av proto-krokodiller; krypdyr som overtok nisjene deira. Dette førte til at amfibia migrerte til kaldare strøk (sidan dei i motsetnad til urkrokodillane kunne gå i dvale) eller vart mindre.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Amfibium, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.