Lungefiskar

Lungefiskar (Dipnoi) er ein underklasse av kjøtfinnefiskar som har lunger i tillegg til gjeller.

Lungefiskar
Lungefiskar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Kjøtfinnefiskar Sarcopterygii
Overorden: Lungefiskar Dipnoi
Müller, 1845

Dei få artane i gruppa som lever i dag er særs spesialiserte. Lungefiskane er avhengige av atmosfærisk oksygen i tillegg til oksygenopptaket gjennom gjellene. Dei har òg visse trekk i hovudskallen som skil dei frå andre fiskar, og ein symmetrisk skjelettbygnad i halen.

Fossile lungefiskar er kjende frå devon og hadde då ei vid utbreiing på jorda. I denne perioden fanst ei rad til dels klart ulike typar lungefiskar, men sams for alle var dei lange og kvastforma para finnane. Desse lungefiskane hadde òg utvikla kraftige og flate knusetenner som sat på ganen, og kranietaket var dekt av eit høvesvis stort tal småe knoklar. Lungefiskane var talrike i devon, men i karbon og perm var dei gått sterkt attende i talet på artar og vart samstundes meir og meir like lungefiskane som lever i dag.

Kjelder

«lungefisk» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 16. juni 2017.

Lungefiskar  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

GjellerHovudskallenKjøtfinnefiskarLungeOksygen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

WattensSiouxsie SiouxTom Petty and the HeartbreakersTor MidtbøSilje NordnesHenrik IbsenEinar LundbyPuddelrockHaakon VII av NoregSuezkanalenBlåmannSionismeElvis PresleyLars BystølWe Don't Wanna Put InRSSDet osmanske riket27. februarJugendstilSitatDet internasjonale fonetiske alfabetetOdinPrositBergen kommuneBygg og anleggFreden i WestfalenLofotenRussisk salatGrunde AlmelandSkigardsviseSkogbonadenMaria StavangHeidi Ruud EllingsenJohn Maynard SmithStein WingeVestlandetLundefuglNATOSlaveOstehøvelBergenMegawattVera RubinØyvor BakkeROBEKMartin DonovanWikiFader vårKattRote Armee FraktionLangeMahiedine Mekhissi-BenabbadTrøndelag fylkeMalaysiaTarjei VesaasSandnessjøenZahid AliÅse KlevelandHeidi Marie KriznikNordsamiskSverigeWikipediaRanavik-SkjersholmaneHar SedomMånenLinn UllmannVestleg kampkunstLillebjørn NilsenAustralasiaLiving on My OwnMusikkgruppa GåteEngelskOrkidéfamilienKobe Bryant🡆 More