Økologisk Nisje

Den økologiske nisjen til ein art er, i økologien, kva slags levesett og miljøkrav organismane har i høve til andre artar.

Økologisk Nisje
Temperatur er ein viktig faktor for dei fleste organismar. Dette diagrammet viser korleis aktivitetsnivået til vekselvarme dyr endrar seg.

Dei ulike dimensjonane i ein nisje står for biotiske og abiotiske variablar; faktorar som varierer med økosystema. Ofte vel ein å berre sjå på eit utval av desse faktorane, sidan dei fleste einskildnisjar er kompliserte og inneheldt mange ulike tilhøve ein må ta omsyn til. Ulike faktorar vert brukt i ulike utrekningar; innanfor eit og same økosystem ser ein helst på biotiske faktorar medan ein gjerne ser på dei abiotiske først når ein samanliknar økosystem.

Konkurranse

Ein skil gjerne mellom fundamental og realisert nisje. Den fundamentale nisjen til ein art er dei ressursane han er i stand til å utnytta, medan den realiserte er kva han faktisk nyttar seg av i naturen. Når det er mange artar med liknande nisjar til stades i eit økosystem, oppstår det interspesifikk konkurranse, og dei realiserte nisjane forandrar seg. Til dømes lever røye i aurevatn hovudsakleg av dyreplankton, medan næringsvalet i reine røyevatn ofte er dominert av botnlevande insektlarver. Me ser spesialisering; nisjane til ein eller fleire av artane vert smalare på grunnlag av kva for ressursar dei er flinkast til å nytta.

På same måte vert dei realiserte nisjane breiare når ein art finst i store bestandar; det vil då bli ein fordel for einskildindivid å søka litt dårlegare føde enn fleirtalet i større mengder. Med tida kan dette føra til artsdanning, at to delbestandar utviklar så ulike spesialiseringar at dei etter kvart ikkje lenger er i stand til å få avkom saman.

Kjelder

Tags:

ArtØkologi

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SilkehegreSpaniaZirósMagnus MarsdalMiljøproblemUniversity of FloridaKrigHelena BrodtkorbTraneJødedommenMartha SkrettebergÅDet norske flaggetEtnisk nasjonalismeNonByar i HellasHardy-gutteneLivstykkeHarvey MandelAlpin tundraUSAEnkeltbekkasinNatriumkloridVM i alpine greiner 2019ReirMadman Across the WaterFridomssosialismeI'm Still StandingDanmarkSudanVictoria av StorbritanniaDen muslimske verdaNoreg under sommar-OL 2008RusslandPárgaMaren LundbyGonzález IslandChampions LeagueHøgaste fjell i EuropaInformasjonsteknologiKyprosBlandingInternettCountryVinter-OL 1988Jacques BrelCanadaHåvard RemAndreas RombergGyllen fallskjermPeriferieininga LárisaArne Kjell LarsenFollo FotballklubbIgoumenítsaHochalmspitzeUkrainaPetter DassStrategispelEiffeltårnetNyttårAfghanistanNasjonaldagTeltFrozenKolonialhandelSaksofonMaldivaneSandnessjøenGarden KatthultI Dovregubbens hallEuropaGaltvortHarry PotterEinar SagstuenBill ChamplinØlen🡆 More