Dyreplankton er dei heterotrofe eller detrivore delane av planktonet.
Dei fleste av dei er protistar, men det er òg mange dyr som lever planktonisk heile eller delar av livet. Bortsett frå nokre få unnatak (t.d. manetar og krill) er dei som regel for små til å sjå med det blotte auga.
Mellom dei meir økologisk viktige protistane i dyreplankton-segmentet kan me nemna foraminiferar, radioloarianar og dinoflagellatar. Døme på viktige fleircella dyr som lever planktonisk er m.a. manetar, hoppekreps, kril, salpar, fiskelarvar og pteropodar. Dette breie fylogenetiske spekteret er tilsvarandre mangfaldig i fødeinntak; nokre er passive filtrerarar, andre er aktive predatorar og atter andre lever mutualistisk med autotrofe planteplankton. Dyreplankton et bakterieplankton, planteplankton, andre dyreplankton (gjerne kannibalistisk), detritus og stundom tilmed symjande organismar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dyreplankton, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.