Protistar er ei tradisjonell samkjenning for eukaryotar som ikkje kan klassifiserast innanfor rika plantar, dyr eller sopp.
Protistar | |
Elektronmikroskoperte diatomear | |
Systematikk | |
Overrike: | Eukaryotar Eukaryota |
Rike: | Protistar Protista Haeckel, 1866 |
Som regel meiner ein mikroskopiske, eincella organismar når ein nyttar omgrepet, men mange klassifiserar òg makroalgar som tang og tare innanfor gruppa.
Ordet «protist» vart først brukt av Ernst Haeckel i 1866. I dag reknar ein omgrepet som parafyletisk, sidan dei ulike organismane me brukar det om ikkje har noko særleg med likskapar utover ei relativt enkel celleorganisering. Dei fleste protistar er anten eincella eller koloniale; som regel alltid utan nokon form for skilnad på cellene innanfor einskildartane.
Tradisjonelt delar ein protistar inn i tre grupper: protozoar (dyreliknande protistar), algar og slimsopp, ut frå kva slags organismar dei liknar mest på. Dette har ikkje noko fylogenetisk grunnlag; «algar» vert til dømes brukt om alle fotosyntetiserande mikroorganismar uavhengig av evolusjonære slektskap.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Protistar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.